Hagen sendte i går ettermiddag brev til statsråden der han har gjort ein detaljert gjennomgang av dei utgiftene Norman sjølv har oppgitt at han har hatt og fått refundert av staten. Ifylgje Hagen sin gjennomgang har Norman fått utbetalt 147.636 kroner meir enn han skulle hatt. Det er 11 gongar meir enn han tidlegare har gått med på å betale tilbake.

I pose og sekk

Tre gongar i NRK Dagsrevyen fredag, skulda Norman Hagen for å lyge. Norman utfordra Hagen til å dokumentere påstandane sine om at Norman hadde fått for mykje utbetalt. Det er det Hagen nå meiner å ha gjort.

I botn ligge føresetnaden om at Norman, som alle andre statsrådar og statssekrtærar med to hushaldningar, får utbetalt 159 kroner dagen i diett for dei dagane dei ikkje er i heimen eller på reise.

Statsrådane skal kvar månad levere oppgåver til eige departement over kor mykje dei skal ha utbetalt i diett.

Hagen meiner at Norman har fått «i pose og sekk» for å seie det enkelt, ved å få utbetalt både diettpengar og få dekt lunsjar og middagar. Hagen har gjennomgått «handbok for politisk ledelse» som trekker opp retningslinene.

Norman nekta å svare på spørsmål om desse forholda på den pressekonferansen han heldt fredag.

Ris til eigen bak

I Stortinget er den utbreidde oppfatninga at Norman har laga ris til eigen bak:

-Ved å rykke ut som han gjorde fredag, har Norman vekt ein sovande bjørn. I kontrollkomiteen hadde vi gjort oss ferdig med saka, i og med brevet vi sendte til statsministeren torsdag, og som vi ventar svar på.

Det seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen.

Både Engebretsen og andre stortingsrepresentantar Bergens Tidende har snakka med meiner at Norman ikkje kan ha lese, eller i alle fall ikkje teke inn over seg, innhaldet i brevet frå Kontrollkomiteen til statsministeren.

Engebretsen opplyser til Bergens Tidende at statsråd Norman har ringt til han og sagt at han aldri har kritisert kontrollkomiteen.

Men det stiller Engebretsen seg undrande til.

I brevet slo ein samrøystes komite fast fylgjande:

«En oversikt over representasjons— og bevertningsutgifter som statsråd Norman har belastet statskassen med kan tyde på at et betydelig antall av disse hverken omfattes av reglene for representasjon eller bevertning.»

Dermed er det ikkje noko påfunn frå Hagen si side, at Norman har fått dekt utlegg i stort omfang, som er staten uvedkomande. Difor reagerer både komitemedlemer og andre stortingsrepresentantar sterkt på at Norman har brukt grovt skyts mot Hagen.

-Heilt uvanleg

— Det er heilt uvanleg at ein statsråd rykkjer ut på ein slik måte mot Stortinget, Stortinget sine organ, eller ein stortingsrepresentant, seier Engebretsen.

I brevet sitt til Norman, skriv Hagen mellom anna:

«Som jeg nevnte innledningsvis, var også jeg i ferd med å avslutte saken etter komiteens møte sist torsdag. Det er kun dine uttalelser på din pressekonferanse med angrep på meg fordi jeg gjør jobben min i Stortinget og beskyldningene om løgn samt din utfordring om å dokumentere mine påstander som har gitt medieomtale. Det er ditt eget ansvar. Jeg har nå svart på din utfordring og anser grunnlaget for mine påstander dokumentert og begrunnet.»