— Det vil øydeleggja tiltrua til økologisk mat. Her er det viktig at Noreg får ha eigne reglar, seier Knut Vebjørnsen i Økologisk Landslag til Bergens Tidende.

— Forbrukarar som kjøper økologisk mat, gjer det fordi dei lit på at han er rein for tilsetjingsstoff. Dersom forbrukarane ikkje kan lita på det lenger, er det slutten for økologisk landbruk og økologisk mat, legg Vebjørnsen til. - Korleis vil OIKOS gripa tak i denne saka?

— Vi må ta initiativ til at Noreg kan få ha eigne reglar på dette området, sjølv om andre reglar skulle gjelda i EU. Det ville medføra at importert økologisk mat måtte kontrollerast strengare. Kontrollorganet for økologisk mat, Debio, gjennomfører i dag berre stikkprøver, fordi importert økologisk mat skal vera godkjent av eigne kontrollorgan i produksjonslandet.