Riksadvokat Tor-Aksel Busch er svært overraska over fleirtalsavgjerda frå Høgsterett. Han er svært uroleg for konsekvensane: — Danmark og Tyskland har forbod mot denne typen demonstrasjonar. Og i Sverige er det forbode ved lov å strekke handa i veret og rope zieg heil. Det blir råka av lovforbodet om «hets mot folkgrupp».

— I Noreg har ein med heimel i politilova forbode demonstrasjonar med innhald som ville vere i strid med norsk lov, til dømes rasistiske ytringar. På dette grunnlaget forbaud Oslo politikammer i august 2000 den demonstrasjonen som få dagar seinare vart gjennomførd i Askim. Etter dommen nå, var det ei feil avgjerd som Oslo-politiet fatta i 2000.

Å praktisere politilova blir nå mykje vanskelegare enn tidlegare. Det å forby ein nynazistisk marsj i den tru at dei skal framføre rasediskriminerande utsegner, har nå mindre for seg. Eg er redd resultatet nå kan bli at Noreg blir ein fristad for rasistiske ytringar og nazistiske demonatrasjonar som er forbodne i nabolanda våre, seier Busch.

— At fleirtalet i Høgsterett ikkje legg vekt på den samanhengen ytringane vart framførd i, er overraskande. Det ser nærast ut som om Terje Sjølie kom til torget i Askim med ei margarinkasse under armen og stilte seg opp og heldt ein appell til ei handfull tilhøyrarar. Realiteten var at kan kom dit marsjerande i eit opptog der fleire var maskerte, det vart nytta semiuniformar, og fleire av deltakarane var utstyrt med skjold eller sør-statsflagg som klart symbol på rasistisk markering. Ramma var som vi kjenner frå krigens dagar, seier Busch.

Somme har nå teke til orde for endring av paragraf 135 a i straffelova, «rasismepargrafen». Men Busch meiner det vil vere svært vanskeleg å endre denne paragrafen i forhold til paragraf 100 i Grunnlova - som gjeld ytringsfridomen.

Dommen i Høgsterett inneber ein markant snuoperasjon i høve til plenumsdommen i saka mot Jack Erik Kjuus frå 1997. I den saka sto også ytringsfridomen mot vern mot rasistiske utsegner.