HANS K. MJELVA

I går kveld kom den første landsdekkjande meiningsmålinga som viste borgarleg fleirtal. Hadde TV 2-målinga vore val, hadde dei borgarlege partia fått 85 mandat i Stortinget og dei raudgrøne 84.

— Det betyr at no er det vel så truleg at det ikkje blir regjeringsskifte, seier Frank Aarebrot, som seinast for to dagar sidan stod på at det var mest truleg at Stoltenberg ville bli ny statsminister.

Aarebrot kommenterte ein spådom frå talknusar og valekspert Terje Sørensen. Han meiner Bondevik blir sitjande, fordi dei blågrøne har et fleirtal av såkalla A-veljarar blant dei som enno ikkje har bestemt seg.

Tysdag sa Aarebrot at det likevel ikkje skulle meir enn ei måling med borgarleg fleirtal før han var villig til å seie at det er «truleg» at Bondevik held fram.

— Truleg er vel litt for sterkt. Eg er ikkje villig til å spandere nokon av Whiskyflaskene mine på det eine eller andre alternativet, for å seie det slik, seier Aarebrot no, og peikar på at den siste landsmålinga til BT òg viste nær dødt løp.

— Det er no så små marginar at sluttmobiliseringa blir ganske grunnleggjande. Denne målinga kan òg få ein veldig mobiliseringseffekt for dei raudgrøne, så det kan slå begge vegar, seier han no

Aarebrot trur òg at den kraftige tilbakegangen for SV gjer at dei har mange sympatisørar blant heimesitjarane som kan bli mobilisert no det er klart at Bondevik & Co. kan kome til å vinne.