I dag skal den sjølvoppnemnde ekspertgruppa leggje fram konklusjonane sine på ein pressekonferanse i Bergen.

Blant dei som skal delta er tidlegare Fana-lensmann Norvald Visnes og Håkon Winterseth, senioringeniør og ekspert på brannteknikk i Skansen Consult.

— Det vi kan leggje fram, er ein bombe. Puslespelet er komplett, og vi reknar saka som oppklara, seier Terje Bergsvåg frå Bergen.

Mekanikaren har brukt mange år på å få norske og danske styresmakter til å ta opp att etterforskinga av katastrofebrannen. Nå trur han arbeidet vil lykkast.

- Forsikringspengar motiv

Gruppa meiner dei kan dokumentere at fleire av brannane på Scandinavian Star vart påtent etter at alle dei som omkom var døde.

Det betyr at konklusjonen til dansk politi er heilt feil: Dei peikte ut ein dansk trailersjåfør som den mest sannsynlege gjerningsmannen.

Han var tidlegare dømt for brannstifting, men døydde sjølv i brannen. Han må ifølgje granskingsgruppa difor ha vore uskuldig.

Dei peikar i staden ut ni namngjevne menn blant mannskapet som dei skuldige. Dei overlevde alle brannen.

Dei ni var ifølgje Bergsvåg og dei andre i granskingsgruppa, hyra inn for å gjennomføre ein storstilt forsikringssvindel. Båten skulle brenne så kraftig at han vart maksimalt øydelagt.

Difor gjekk dei rundt på skipet og tente nye brannar lenge etter at den første var under kontroll, og etter at rednings- og brannmannskap var gått om bord.

Gruppa hevdar å ha dokumentasjon på at minst 17 millionar dollar vart utbetalt til eit Miami-basert selskap i forsikringsoppgjeret, og at brannstiftarane fekk betalt.

Same konklusjon

— Vi har via Riksarkivet fått tilgang til 23.000 sider med norske, svenske og danske politidokument, blant anna alle vitneavhøyra. Vi har også fått ut 64 krimtekniske fotografi, tatt om bord av politiet i Uddevalla. Desse har norsk politi aldri sett. Vi har også fått fram nye videoopptak frå skipet, seier Bergsvåg.

I fjor avslo riksadvokat Tor-Aksel Busch eit krav om at etterforskinga av brannen måtte gjenopptakast. Bergsvåg var sentral også bak det kravet.

— Kva er nytt i konklusjonane de legg fram nå, samanlikna med det materialet riksadvokaten studerte og avviste i fjor?

— Konklusjonane er dei same. Men vi har fått på plass mange fleire puslebitar, seier Bergsvåg.

Innblanda i fleire brannar

Riksadvokaten meinte det var usannsynleg at fleire av mannskapet skal ha gått rundt blant døde passasjerar i det brennande skipet for å tenne på på nytt.

Bergsvåg viser til at fleire av dei hadde bakgrunn frå skip som tidlegare hadde vore ramma av brannar.

— I politipapira har vi funne heilt avgjerande vitneavhøyr, som politiet har feia under teppet. Dette er den største etterforskingsskandalen i historia, seier Bergsvåg.

— Kva vil de gjere med det nye materialet, etter at det er lagt fram?

— Vi sit og diskuterer det nå. Vi vurderer å melde Tor-Aksel Busch til politiet, slik at ein sette-riksadvokat må oppnemnast for å vurdere saka, seier Bergsvåg.

Han varslar også at det er aktuelt å melde politijuristen som hadde påtaleansvar i saka.

SCANDINAVIAN STAR: Skipet vart ramma av brann i april 1990. I fjor avslo riksadvokaten eit krav om at etterforskinga måtte bli gjenopptatt.
Erik Berglund, Aftenposten