Bondevik slår fast at regjeringa står fast på stortingsvedtaket frå 1995 om at kommunesamanslåingar skal vere friviljug. Han viser også til at dette prinsippet er nedfelt i Sem-erklæringa mellom dei tre regjeringspartia.

Bondevik talte i går til vel 300 av ordførarane i landet under Kommunenes Sentralforbund sin ordførarkonferanse.

Sprik i regjeringa

— Mange store kommunar har ein vanskeleg geografi og lite folketal. Ei kommunesamanslåing er då inga løysing. På den andre sida er det fleire kommunar som har lite areal og stort folketal og kan ha fordel av ei samanslåing, seier Bondevik.

Beskjeden frå Bondevik inneheld heilt andre tonar enn dei kommunalminister Erna Solberg (H) har formidla til kommunane.

For ei tid tilbake kunngjorde Solberg i møte med kommunane i Vest-Telemark at tok dei ikkje sjølve initiativ til kommunesamanslåing, måtte ein bruke makt.

Vinje-ordførar, Arne Vinje (SV) seier til Bergens Tidende at Solberg i samband med samlinga i Vest-Telemark gav uttrykk for at ho ynskte ein, eventuelt to kommunar i Vest-Telemark. Regionen har i dag seks kommunar.

Vinje kommune åleine er halvannan gong så stor som Vestfold fylke, som har 16 kommunar.

Resultat - utan tvang

Bondevik seier nå til Bergens Tidende at han trur og vonar at prosessane som fleire kommunar nå er inne i når det gjeld å vurdere utvida samarbeid eller samanslåing, vil gje resultat. Han strekar under at initiativet må kome nedanfrå, ikkje påtvingast ovenfrå.

I programkomiteen sitt utkast til valprogram for KrF for neste stortingsperiode, seier KrF nei til tvungen kommunesamanslåing.

Venstre-leiar Lars Sponheim gjekk nyleg i eit intervju med Bergens Tidende også i rette med Solberg sine synspunkt. Han avviste kategorisk at det er aktuelt å gå inn for tvangssamanslåing av kommunar.

Ap drøfta kommunesamanslåingar på eit eige særmøte måndag. Etter det Bergens Tidende forstår, er Ap nå meir på line med Erna Solberg og villig til å bruke «friviljug tvang» for å redusere talet på kommunar. Det betyr riset bak speglen.

Harde økonomikrav

På møtet i går vart Bondevik konfrontert med krav frå kommunane om å få ein forpliktande avtale mellom kommunane og staten for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunane.

Varaordførar Åge Rosnes (SV) frå Askøy var den som med størst styrke fremja kravet om hjelp for at kommunane kan kome ut av den tvangstrøya dei nå slit med.

— Den økonomiske tvangstrøya betyr at kommunane ikkje har handlefridom. Det krevst åtte milliardar kroner for at kommunane skal få hovudet over vatnet. I Askøy har vi vore igjennom fire omstillingar for å kutte kostnader. I den siste vart det 40 færre stillingar. Samstundes aukar folketalet sterkt, sist med 2,3 prosent. Mot denne bakgrunnen blir det frustrerande å høyre statsministeren snakke om samarbeid, sa Rosnes.

Ingen lovnader

Rosnes ville vite kva statsministeren tenkjer om problema i kommuneøkonomien, korleis staten vil bidra, kva tidsperspektiv han såg for seg.

Direkte og forpliktande svar fekk Rosnes ikkje frå Bondevik.

Bondevik sa at det er semje om at ubalansen i kommuneøkonomien skal rettast opp, men at det må skje gradvis over tid. Han ville ikkje inngå nokon bindande avtale av di det vil redusere handlefridomen for staten. Han viste til at kommuneøkonomien utgjer ein så stor del av budsjettet, og at ein ikkje kan gardere seg mot at Stortinget fattar nye budsjettvedtak som vil binde utgiftssida endå meir.