— Å gje folk sparken er eit nederlag kvar gong. Men når det kjem så langt som vi såg sist veke, så kan vi ikkje gje vedkomande nye sjansar gjennom eit AKAN-opplegg, seier HSDs informasjonssjef Arild Sondre Sekse.

— Vi har vedteke nye alkoholpolitiske retningsliner, og held på vårt strenge regelverk for stillingar der tryggleiken til passasjerar, mannskap og fartøy ligg i hendene dine. Der held det ikkje å tillata folk å feila to-tre gonger i tråd med AKAN-opplegget, seier Sekse.

HSD har både AKAN-tilbod og er med i ordninga for Inkluderande arbeidsliv, der tilsette med psykiske eller fysiske problem blir følgt ekstra opp utan å bli sette på porten, i samarbeid med trygdeetaten.

— Mange med rusproblem har fått hjelp i HSD utan å mista jobben. Men i tråd med retningslinene våre må slike vanskar takast opp før alvorlege hendingar skjer. Det er for seint å be om AKAN-oppfølging når ein har gått over streken.

— Det skal ikkje herska tvil om at den som kjem til sin leiar i HSD og fortel om sitt problem ikkje skal mista jobben. Det same gjeld den som har teke eit glas eller to for mykje før han går på jobb og gir melding på førehand. Snakk med leiaren eller med verneombodet, så skal du få hjelp, Det er vår oppfordring, seier Arild Sondre Sekse.