«BOURBON DOLPHIN»-FORLISET

TERJE ULVEDAL

13 dagar tidlegare mønstra 31 år gamle Syversen på «Bourbon Dolphin» for første gong i hamnebyen Scalloway på Shetland. Det er ikkje berre hans første tur med ankerhandteringsfartøyet, det er hans første tur som førstestyrmann. Klokka 05.30 30. mars set dei kurs mot boreriggen «Transocean Rather», 75 nautiske mil nordvest for Shetland.

Fram mot ulukkesdagen 12. april går livet rutinemessig. Dei går seks timar på og seks timar av. Dagane er rolege. Om bord på riggen som skal flyttast, har dei tekniske vanskar.

På vakt

Om føremiddagen 12. april et Syversen, overstyrmannen og to matrosar lunsj saman før Syversens skift skal på klokka tolv. Før dei tek over vakta har dei overlevering, får vite kva som er status med flyttinga av riggen. Frå brua konstaterer Syversen at det slett ikkje er så dårleg vêr denne dagen. Det bles 32 knop frå sørvest, den signifikante bølgjehøgda er 2,9 meter.

På ein av vinsjane til «Transocean Rather» har dei alt køyrt ut 912 meter med kjetting. No startar mannskapet på «Bourbon Dolphin» arbeidet med å kople kjetting frå eige fartøy saman med kjettingen frå riggen. Ein time etter at Syversen har kome på vakt er operasjonen utført. Ved hjelp av ei lenkje som kan opnast blir dei to kablane kopla saman. Båten er knytt til riggen. Overstyrmannen samtalar med riggen på VHF. Konklusjonen er at alt er normalt, det er berre å gå vidare med operasjonen.

Syversen fører vinsjen, overstyrmannen konsentrerer seg om båten, retning, posisjon og fart. Etter at nye 300-400 meter kjetting er sleppt ut, ber overstyrmannen eit anna ankerhandteringsfartøy «Highland Valour» hjelpe til. Dei skal føre eit anker over «Dolphins» kjetting, få tak i denne og dra. Med to båtar som held blir presset mindre. På andre forsøk får «Highland Valour» treff. I panelet på brua ser Geir Syversen korleis vekta minkar, og køyrer ut meir kjetting.

Nær kollisjon

Brått registrerer han ein veldig auke i presset. «Highland Valour» har mista kjettingen. Med veldig fart driv det andre ankerhandteringsfartøyet mot «Bourbon Dolphin». Ein kollisjon ser ikkje til å vere råd å unngå. Overstyrmannen gjev full gass, «Bourbon Dolphin» sig framover og «Highland Valour» driv forbi akterenden.

Så er det å prøve igjen. «Highland Valour» bommar fire gonger på kjettingen. «Bourbon Dolphin» held på ei veldig tyngd, og må bruke stor motorkraft for å halde posisjonen. Så ringjer det på brua. Det er førstemaskinisten:

— Maskineriet blir køyrt så hardt at det er fare for overoppheting. Vi må slakke.

— Vi kan ikkje. Vi har drive for langt vekk frå ankerposisjon, svarar overstyrmannen.

Så på femte forsøk blir det treff. Både frå riggen og «Bourbon Dolphin» blir det gitt beskjed om at «Highland Valour» skal gå mot nordvest. I staden dreg dei stikk motsett retning. «Bourbon Dolphin» blir trekt mot babord. Kapteinen, som no er tilkalla og har kome på brua, tek VHFen og kallar opp «Highland Valour».

— Veit du skilnad på nord, sør, aust og vest?, spør han.

Han får svar ved at «Highland Valour» tek til å gå i rett retning. Men i det same registrerer dei på brua ein veldig auke i vekta av kjettingane. «Highland Valour» har på ny mista taket. Også på riggen vert dette lagt merke til. På brua høyrer mannskapet at «Transocean Rather» kontaktar «Highland» over VHF.

Motorane stoppar

— Kva skal du no gjere for å kome deg ut av den situasjonen du har sett «Bourbon Dolphin» i?

— Vi skal prøve å få fat i kjettingen på ny, svarar dei på «Highland Valour».

Om bord i «Bourbon Dolphin» merkar dei at presset blir større. Ankeret og kjettingen på det store djup dreg stadig tyngre i fartøyet. Klokka 16.55 er det 290 tonn tungt, fartøyet rører seg sterkt mot babord. Overstyrmannen prøver å stabilisere skipet med å pumpe ballast over til styrbord. Riggen lurer på om det kan vere eit alternativ å ta ned den indre styrepinnen på babord side. Då dei til slutt greier det fyk kjettingen over til babord. Den veldige tyngda gjer at båten får slagside, og blir dregen i stor fart mot babord.

Så ringjer telefonen på brua:

— Begge hovudmotorane på styrbord side har stoppa, er beskjeden frå maskinrommet. Sekund seinare ligg båten på sida med 90 grader slagside.

— No går eg, seier førstestyrmannen, han klamrar seg fast på brua.

— Trykk inn knappen med «emergency rescue», seier kapteinen.

Førstestyrmannen gjer som han seier. Men ingen ting skjer. Idet Geir Syversen tek til å klatre opp mot døra på styrbord side ser han på panelet at kjettingen går ut med ein fart av fattige 12 meter i minuttet.

Førstestyrmannen kjem seg ut. Idet han kryp over skutesida mot rekkja ser han kapteinen og son hans falle ned mot babord side. Det siste han ser er ein av styrmennene som mister taket i ei hylle han har klamra seg fast til, og dett ned mot eit skott.

Så går båten rundt, og Geir Syversen ligg i det iskalde vatnet.

Førstestyrmann Geir Syversen blei redda. I går fortalde han historia si under sjøforklaringa i Sunnmøre tingrett.

Larsen, Håkon Mosvold