— Det var Ole Christian Kvarme som kom ut på topp i den fyrste, breie høyringsrunden i Kyrkja, før Erling J. Pettersen vart lansert, og eg meiner at den høyringa er den viktigaste, seier Torild Selsvold Nyborg, som og er fylkesordførar i Hordaland.

— Meiner du at Kvarme og er den beste kandidaten for Kristeleg Folkeparti?

— For mange i Kristeleg Folkeparti vil han vera det. Men for meg er det viktig at utnemninga av biskop i Oslo ikkje vert eit politisk val, men at regjeringa utnemner den kandidaten som Kyrkja vil ha.

Etter at Kvarme kom sterkast ut av den fyrste høyringsrunden, har han møtt sterke åtak frå mange hald fordi han, som den einaste av dei aktuelle kandidatane, ikkje vil utnemna homofile prestar.

Dette har fått mange til å spekulera i at det nettopp er Kvarme Kristeleg Folkeparti og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland vil ha som biskop i Oslo. I 1998 gjekk KrF på eit sviande nederlag då Gunnar Stålsett vart utnemnd til biskop av regjeringa, der KrF kom i mindretal.

For nokre dagar sidan skreiv redaktør Odd Sverre Hove i Dagen at Stålsett har vore ei ulukke for Den norske Kyrkja.

— Eg vil ikkje bruka slike ord om ein biskop. Stålsett har løyst på snippen, engasjert seg i mange samfunnsspørsmål og kome med mange politiske utspel, men han er eit fint menneske, seier Selsvold Nyborg.

Det meiner Gulen-ordførar Trude Brosvik og, som har plass i Kristeleg Folkeparti sitt sentralstyre.

— Eg frys på ryggen av det Dagen skreiv om Gunnar Stålsett. Men Stålsett kunne kanskje vore litt meir kritisk med kva slag saker han legg seg borti, seier Brosvik til BT.

BISPEKANDIDAT: Ole Christian Kvarme.
SCANPIX
ØNSKER: Torill Selsvold Nyborg (KrF) synes Ole Christian Kvarme er en naturlig kandidat.