Det meiner forskar ved Rokkansenteret, Svanaug Fjær.

— Tilbodet er breiare og haldningane opnare i forhold til dei mest utstøytte. Men gamle grensesteinar som kom på slutten av 1960-talet står framleis, seier Fjær. Ho har studert kunnskapsgrunnlaget for narkotikapolitikken dei siste 40 åra.

— Narkotikapolitikken byggjer på frykt. Trusselbiletet av narkotika som dukka opp på 1960- og 70-talet lever framleis. Dette blokkerer for andre innfallsvinklar, seier Fjær.

Einsretting

Nytenkinga har i hovudsak avgrensa seg til skadereduserande tiltak som metadonbehandling. Metadon, som vart tatt i bruk i 1995, verkar ikkje på dei som er avhengige av andre rusmiddel enn heroin.

— Behandlingsopplegga har blitt meir mangfaldige dei siste åra. Men tiltaka er i stor grad retta mot heroinavhengige. Dei utgjer berre ein mindre del av alle narkomane, seier Fjær.

Ho meiner forskinga betyr lite for politikarane. Folkeleg moral og fornuft har derimot stor innverknad.

— Dette har samanheng med sosialpedagogikken som fekk stort gjennomslag hjå helsedirektør Karl Evang, og særleg etterfølgjaren Torbjørn Mork på 70- og 80-talet. Slagordet om det narkotikafrie samfunn kviler på ein einsretta tanke om normdanning i samfunnet, seier Fjær.

Stått stille

Framfor alt byggjer narkotikapolitikken på kriminalisering, med mål om å avgrense tilgang og dermed bruk.

— Vi lever i eit demokratisk samfunn der vi ikkje kan ta alle middel i bruk for å oppnå dette. Verknaden av kriminalisering er ikkje undersøkt vitskapeleg, seier Fjær.

Forbodet mot bruk av narkotika kom i 1968. Omtrent like lenge har opplysning vore eit satsingsområde i skulen. Også her har tida stått stille, ifølgje Fjær.

— I skulen har det ikkje vore noko utvikling dei siste 30 åra. Det må vere råd å gi dei unge litt meir å tyggje på enn at alt er farleg, seier Svanaug Fjær.