VIDAR YSTAD

— Dersom dei opplysningane som er kome fram i pressa stemmer, er dette grovt og svært alvorleg, seier stortingsrepresentant Inge Ryan (bildet) i SV til Bergens Tidende.

Det er avisa Dagens Næringsliv som har rekna ut at staten har tapt om lag ein milliard kroner på å selje SND Invest «på billigsal» til ei rad næringslivstoppar. Mellom desse er NHO-president Jens Ulltveit-Moe, Petter Olsen og Petter Sundt.

Det har ikkje mildna tonen at statsminister Kjell Magne Bondevik måndag nærmast ironiserte over styret i SND Invest, som hadde gått inn for å selje ut selskapet litt etter litt for å få best mogeleg pris. Bondevik trekte styret sine motiv i tvil.

Ryan sende i går brev til Gabrielsen om saka etter å ha hatt munnleg kontakt med Gabrielsen dagen før.

— I samtalen vår opplyste Gabrielsen at han vil gje Stortinget informasjon om prosessen, seier Ryan.

Det er avstanden mellom verdivurderinga før salet vart gjennomført og prisen som vart oppnådd ved salet som har vekt reaksjonar.

Ryan har teke dette opp i brevet til Gabrielsen. Han vil også ha svar på kva strategiske vurderingar som låg bak det opphavlege ønskjet om å selje SND Invest i einskildpostar. Endeleg ønskjer Ryan ei utførleg forklaring på kvifor departementet skifta strategi under salsprosessen.

Ryan, som i går var på reise med Næringskomiteen i utlandet, seier at komitémedlemma er bestyrta over det som er kome fram - om det er rett.

I går kunngjorde komitéleiaren Olav Akselsen at han meiner det er naturleg at Kontrollkomiteen på Stortinget tek opp saka.

Kjell Engebretsen, (A) som er nestleiar i Kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at han siktar mot at komiteen tek saka opp på første møte.