— Vi er ikkje glade i bompengar. Likevel går vi inn for bompengar, fordi vi ikkje ser nokon annan måte å få den vegstandarden som vi treng i distriktet vårt, seier dagleg leiar i Nordhordland Handverk- og Industrilag, Svein M. Nordvik.

Nordvik er svært uroa over den usemja som rår i bompengesaka i Lindås kommunestyre. Han er glad for ja-vedtaket i juni, men er no redd for at Framstegspartiet og Høgre skal velta dette.

— Eg har enno ikkje sett noko truverdig alternativ til bompengar frå dei som er i mot, seier Nordvik.

Han meiner det er vitalt for næringslivet nord om brua at vegane i regionen kjem på stell. Mest av alt ynskjer dei seg Nyborgtunnelen, som kortar vegen til Bergen. Men den er enno ikkje regulert, dermed er tunnelen ikkje er med i fyrste halvpart av Nordhordlandspakken.

— Men planarbeidet for fase ein er no kome svært langt. Dermed er det von om at anlegga i denne planen kan vera ferdige innan 2010. Men for å få det til, trengst det dugnadsånd. Det krev at politikarane våre vert samde om løysingar som bidreg til finansieringa, seier Svein M. Nordvik.