VIDAR YSTAD Administrasjonsminister Victor Norman meiner kalkulasjonane frå Konkurransetilsynet ligg alt for høgt. Han meiner utflyttinga vil koste 97 millionar på kort sikt, men at det blir innsparingar på lengre sikt og at ein etter 25 år vil ha spart inn inntil 48 millionar kroner.

Konkurransedirektør Knut Eggum Johansen har sett to medarbeidarar i sving med å ettergå Norman sine tal.

«Demotivering»

Operasjon «utflytting av statlege tilsyn» har skapt sjokkbølgjer hjå dei som skal flyttast ut. Direktøren i Konkurransetilsynet, som etter planen skal flyttast til Bergen, seier nå at han «er redd for den daglege demotiveringa».

— Fredag hadde vi julebord. Då var stemninga her høg. Måndag var det depressiv stemning her. Eg er redd for at mange vil sjå seg om etter andre jobbar. Det er ei stor utfordring i å prøve å få folk til å bli. Og eg er redd for den daglege demotiveringa som ligg i trugsmålet om at etaten skal flyttast ut, seier konkurransedirektør Knut Eggum Johansen til BT.

Kuvending

Hittil har tre av om lag 100 tilsette sagt ja til at dei kan tenkje seg å flytte med til Bergen. Spesielt opplever dei tilsette i Konkurransetilsynet det frustrerande at beskjeden om at dei nå skal flyttast ut berre eitt år etter at tilsynet har avvikla distriktskontora sine for å konsentrere verksemda i Oslo.

— Etter den flyttesjauen som vart gjennomførd i fjor, forstår ikkje folk det som nå kjem, seier Eggum Johansen.

Eggum Johansen er redd for at folk hoppar av så fort dei kan og at dette vil verke lammande på effektiviteten og oppgåvene i tilsynet.

Administrasjonsdepartementet har lansert tankar om meir systematisk «karriereplanlegging» og incentivordningar for dei som er viljuge til å stå i jobben til flyttinga er gjennomførd og som eventuelt er viljuge til å bli med på flyttelasset.

Dyr flytting

— I fjor vart Kystdirektoratet flytta frå Oslo til Ålesund. Prislappen på flyttinga har nå kome opp i 110 millionar kroner, opplyser kystdirektør Øyvind Stene til Bergens Tidende.

Det gamle direktoratet hadde over 80 tilsette. Det nye direktoratet skal ha om lag 40 tilsette sentralt. I tillegg kjem bemanning ved fem distriktskontor: Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg.

Førebels er 10-15 av dei tidlegare tilsette i direktoratet blitt med til Ålesund. Men dei har ennå «angrefrist» med rett til å hoppe av og krav på ventelønn frå staten.

Pendlar Oslo-Ålesund

— Det første året får dei pendle, rett til betalt husvære i Ålesund utan å misse retten til ventelønn, seier Stene.

Ifølgje Stene forsvann dei som hadde generell kompetanse ut av direktoratet. Dei som hadde så spesiell kompetanse at dei rekna med å ha vanskar med å få andre jobbar, vart med på flyttelasset.

Då Norsk Polarinstitutt i 1997-98 flytta frå Oslo til Tromsø, flytta 12 av 70 fast tilsette med.

Då Statskog flytta frå Oslo til Namsos for 10 år sidan, vart berre to av 30 med på flyttelasset.

NEGATIV: Konkurransedirektør Knut Eggum Johansen.

ARKIVFOTO: BERIT ROALD, SCANPIX