Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen er sikker på at kronprinsparet for lengst har bestemt namnet til den neste tronarvingen, som kan kome til verda kva dag som helst.

— Å ja! Det er dei nøydde til. Eit kongeleg namn er ikkje noko ein kan kome slengjande med siste dagen, slår Utne fast.

Om barnet får to eller tre førenamn, veit førebels berre dei som ferdast i dei indre kretsane på Slottet. Men tradisjonen dei siste generasjonane har vore to. Utne meiner likevel at det er viktig at alle namn byggjer på kongeleg tradisjon.

Blir det ei jente, føreslår eksperten Ragnhild Tyra Margrete.

Alternativt Olav Sverre Oskar, dersom kronprinsesse Mette-Marit føder ein gut.

Kronprinsesse Ragnhild

I ei uoffisiell kåring på Noregsglaset på P1 vart Ragnhild (og Harald) kåra til tusenårsnamn i 2000.

— Ragnhild er den viktigaste dronninga Noreg har hatt. Ho var kongsmor til Harald Hårfagre, han som samla Noreg til eit rike, og ho var gift med Halfdan Svarte, seier Utne til BT.

Namnet Tyra, som er den kvinnelege forma av Tor, har tradisjonar både i det gamle og det moderne kongehuset.

— Tyra var Olav Tryggvasons dronning. Det er flott! Men Tyra var også eit av førenamna til kronprinsesse Märtha, som var gift med kronprins Olav.

Det siste namnet i rekkja er også eit gamalt norsk dronningnamn. Margrete var dronning både i Noreg, Sverige og Danmark på slutten av 1300-talet.

— Margrete kan ikkje stå som førstenamn, ettersom det er i bruk i Danmark, seier Utne.

... eller kronprins Olav

— Kongenamnet Olav Sverre Oskar har ei synkande rekkjefølgje frå mellomalderen til det moderne kongehuset, seier Utne.

Etter hans meining ville det å kalle ein mannleg tronarving noko anna enn Olav, bli oppfatta som ei forbigåing av den populære oldefaren, kong Olav.

— Olav er eit kort, godt norsk namn med folkeleg bakgrunn, og slitesterkt gjennom alle tider. Samtidig blir barnet kalla opp etter morfaren sin, Sven Olaf, fortel Utne til BT.

— Namn nummer to, Sverre, er eit sentralt norsk kongenamn, slik Magnus er. Ikkje mykje brukt av dei forrige generasjonane, men namnet kan slå an no.

Oskar er først og fremst ein svensk kongeleg tradisjon. Men Noreg har hatt fleire kongar med dette namnet, både Oscar 1. og Oscar 2. på siste halvdel av attenhundretalet.

— Dette er ikkje eit typisk norsk kongenamn, men sentralt likevel i nær kongeleg slekt, fortel Utne.