• Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Men har ingen hast. Nå vil eg gå i gang med å skrive på noko som kan bli ei bok. Og så vil eg få meir tid til familien.

Dette fortalde statsminister Kjell Magne Bondevik til Bergens Tidende då vi spaserte frå partikontoret og tilbake til statsministerens kontor i går. Han har for lengst skreve avtale med forlagssjef William Nygaard i Aschehoug om å skrive memoarbok.

Misse pusten

I går, dagen derpå, hadde den avtroppande statsministeren eit program så tettpakka at det kan ta pusten frå nokon kvar.

Etter ein lag valdag med valvake og partileiardebatt til nær klokka eitt, var Bondevik klar for dei første intervjua med fire ulike medie allereie klokka 6.45 utanfor heimen sin i Oppegård. Deretter gjekk det slag i slag med eit utal intervju og møte heilt fram til Tabloid i TV2.

Kongesamtalen

I går føremiddag hadde Bondevik ein telefonsamtale med kong Harald.

— Kongen er på hytta i Sikkilsdalen, så det vart telefonisk kontakt, ikkje møte. Eg orienterte om valutfallet og om at eg på vegner av regjeringa vil søke avskil når vi har lagt fram statsbudsjettet, 14. oktober.

Bondevik vil ikkje røpe noko om innhaldet i samtalen:

— Vi snakka litt om prosedyrane framover og utveksla nokre personlege ord. Kva det var, blir mellom oss.

Allereie før lunsjtida var han intervjua av 14 ulike medie, mellom andre svenske og danske tv-kanalar.

«Sorgarbeid»

Klokka 1130 var det lunsj på partikontoret der det også vart servert «takkekake». Her var heile partileiinga samla saman med sentrale medarbeidarer ved statsministerens kontor og partikontoret.

Klokka 12 starta partitoppane eit møte for å oppsummere valet. Her var leiartrioen, Dagfinn Høybråten, Dagrun Eriksen, Knut Arild Hareide, parlamentariske leiar, Einar Steensnæs, leiaren for kvinneorganisasjonen og ungdomsorganisasjonen. Bondevik var med på møtet i to timar før han måtte gå tilbake til sitt eige kontor for planlegging av deltaking på FN-toppmøte i New York, tosdag til laurdag. Fredag skal han tale under toppmøtet.

Resten av dagen hadde han avtale med ikkje mindre enn 12 medie, mellom desse dei direktesendte radioprogramma Her og Nå på NRK, 1730 på P4 og Dagsnytt 18 i NRK.

I tillegg fekk han pressa inn intervju med Bergens Tidende og han hadde møte med politisk stab og avdelingsleiarar ved statsministerens kontor.

— I skuffinga over at det er slutt for samarbeidsregjerininga, er det greitt at avgangen skjer på ein ryddig og god måte etter eit avklarande val. For meg inneber det å gå ut av politikken at eg vil ta til med noko nytt. Kva det blir, veit eg ikkje i dag, men eg har eit brennande engasjement for fattige og forfylgde i verdssamfunnet.

— Har du fått noko jobbtilbod?

— Nei. Men eg treng ikkje forhaste meg. Eg har god tid.

Bondevik er ikkje budd til å seie kva som gjekk gale for KrF i valkampen og kvifor resultatet for partiet vart som det vart: ei halvering av stortingsgruppa.

— Det er tydeleg at noko glapp for oss heilt i sluttspurten og at vi ikkje greidde å fylgje opp heilt til slutt. Vi følte at vi var i godt sig framover. Uavhengige kommentatorar har også vurdert det slik at vi gjorde ein god valkamp. Partiet stod samla og det verka mobiliserande.

Hagens utfall

Personar som står Bondevik nær, meiner Carl I. Hagens stadige utfall med «avsetting» av Bondevik som statsminister, verka som å legge ballen til rette på straffemerket for Jens Stoltenberg, gong på gong.

Bondevik vil ikkje seie så mynkje om dette. Han nøyer seg med å gje uttrykk for at han synest det vart for mykje personåtak i startfasen av valkampen.

Bondevik seier at han ikkje angrar på noko når det gjeld dei disposisjonane under valkampen som han og partiet sjølv har hatt kontroll med.

Om det avvisande forholdet til Frp seier han at han er heilt trygg på at dette har vore ein rett kurs og eit forstandig val på lang sikt for KrF.

Han ser ikkje bort frå at det kan ha kosta både KrF og Høgre veljarar, men han meiner likevel det har vore rett.

— I ei samarbeidsregjering mellom sentrum og høgre er ein avhengig av å finne eit balansepunkt. Då kunne ein ikkje opne for endå meir høgre-politikk ved å flytte balansepunktet mot høgre ved å innleme meir Frp-politikk. Eg er oppteken av at KrF skal bli verande eit sentrumsparti.

— Det har også vore reaksjonar i KrF mot at det er førd for mykje høgre-politikk i den siste fireårsperioden. Har KrF også tapt veljarar til Ap av den grunn?

— Ja, det er vel tydeleg at det har skjedd, seier Bondevik.