Løvik fryktar NSB sitt trugsmål om å legge ned nattoget vil skremme vekk enda fleire kundar.

NSB har varsla at selskapet treng cirka 100 millionar kroner i støtte for å kunne oppretthalde nattog mellom Oslo og Bergen, Stavanger og Trondheim. Utan desse pengane blir nattoget nedlagt frå årskiftet.

— Eg trur ikkje nokon kan forvente at vi berre kan trylle fram 100 millionar kroner, seier leiaren i samferdselskomiteen på Stortinget, Petter Løvik. Han peikar på at staten brukar nesten 1,4 milliardar kroner på å subsidiere drift på ulønsame jernbanestrekningar. Han er liten lysten på å plusse på 100 millionar ekstra.

Paradoks

Bergens Tidende skreiv i går om den sterke auken i trafikken med langdistansebuss og om nedgangen i togtrafikken

Bussane sin suksess får Løvik til å stille spørsmål ved dei politiske prioriteringane. Dette seier han:

N Om bussen: - Det er eit paradoks at ein del av desse klarer å gå praktisk talt stappfulle ved sidan av tomme tog.

N Om subsidiering: - Vi brukar 1400 millionar kroner på NSB og vi brukar praktisk talt ingenting på ekspressbussane.

N Om prioritering: - Eg er ikkje budd til å ta for eksempel 100 millionar vegkroner og putte inn i NSB når ein ser at kundane i veldig stor grad går til bussar og bilar, og at behova er svært store i vegsektoren.

Fryktar ny NSB-tabbe

Løvik trur NSB er på vikande front, mellom anna på grunn av selskapet sine eigne handlingar.

— NSB har nok svekka si stilling ved ein del disposisjonar som er medverkande til at færre reiser med NSB, seier Løvik.

Men han erkjenner også at konkurransen frå fly- og busstrafikken har gjort konkurransen tøffare. Og at den skjerpa konkurransen er ein politikk fleirtalet på Stortinget har ynskt.

No er Løvik redd at NSB har gjort ein ny tabbe, med sitt trugsmål om å legge ned nattog og signalisere at kanskje også avgangar på dagtid er i fare. Det er ein taktikk han ville vere varsam med, om han skulle leia NSB.

— Det eg fryktar NSB gjer er å støyte frå seg enda fleire kundar, seier Løvik.

Ny transportplan

Neste år legg Regjeringa legge fram ein ny transportplan, ein plan for samferdselspolitikken dei neste 10 åra. Stortinget skal ta stilling til planen i løpet av våren. Då meiner Løvik det er naudsynt å gjere ei grundig vurdering av kva rolle togtrafikken skal ha, mellom anna på grunn av den sterke tilbakegangen i togtrafikken.

Og Løvik ser gjerne at det også blir konkurranse om å få køyre nattog og alle andre togstrekningar der NSB i dag får statleg støtte for å køyre tog.

— Det er mitt og Høgre sitt klare syn at alle strekningar der det er offentlege kjøp skal ut på anbod, seier Løvik.