– NRK bør snu og vise Borgen-filmen

– Kringkastingssjefen må snu og vise Erling Borgen sin dokumentarfilm. Det er heilt nødvendig for at NRK skal kome ut av denne saka med æra i behald.

Oslo

Det seier journalistikk-professor, Sigurd Allern, ved Universitetet i Oslo til Bergens Tidende. Bakgrunnen er avsløringa i Bergens Tidende i går av det til nå hemmeleghaldne brevet som Næringslivets sikkerhetsråd har sendt til NRK om Borgen-dokumentaren.

– Oppsiktsvekkjande
– Det er oppsiktsvekkjande at det er Bergens Tidende og ikkje NRK som offentleggjer dette brevet. Det stiller kringkastingssjefen og hans forsikringar om at NRK ikkje har late seg presse, i eit underleg lys, seier Allern.

– Det brevet som Næringslivets sikkerhetsråd (NSR) har sendt til NRK er av ein heilt annan karakter enn det brevet Aker Kværner har sendt.

– NSR er eit korporativt organ, styrt av Næringslivets Hovedorganisasjon, og med deltaking frå mellom andre PST (Politiets Sikkerhetstjeneste) og Politidirektoratet. Det er heilt openbert at brevet frå NSR i NRK måtte bli oppfatta som eit sterkt påtrykk for ikkje å sende dokumentarfilmen, seier Allern.

– Vis filmen
– Publikum sine tolkingsrammer er nå endra gjennom den medieomtalen vi har opplevd. Alle er klar over at dette er ein omdiskutert film. Vising av filmen kan eventuelt etterfylgjast av ein studiodebatt, seier Allern.

Eit slikt opplegg er heilt i tråd med kva direktøren i stiftinga Fritt Ord, Erik Rudeng, lanserte gjennom Bergens Tidende for fleire dagar sidan.

Kringkastingssjef John G. Bernander gav måndag ei orientering til styret i NRK om handteringa av Borgen sin film.

Mangelfull orientering
Men styret fekk ikkje fullstendig informasjon om innhaldet i brevet frå NSR.

Då Bergens Tidende tysdag ettermiddag var i kontakt med styreleiar, Eldbjørg Løwer, nestleiar Thor Bjarne Bore og styremedlem og NRK-veteran, Geir Helljesen, kunne ingen av dei hugse å ha fått nokon informasjon frå Bernander om dette brevet.

I går opplyste styreleiar Løwer derimot til Bergens Tidende at Bernander hadde opplyst at det var kome eit brev frå NSR utan at han refererte eller gjekk detaljert inn på innhaldet i brevet.

TV 2 takka i går nei til å overta avtalen mellom NRK og Borgen om å vise dei tre dokumentarfilmane i serien «Det uskyldige Norge».

Les også

Siste fra Innenriks

Norsk Tippings nye toppremie: 700 millioner

Nyvinningen heter Euro Jackpot.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Riksadvokaten åpner for å påstå straff for Breivik

Riksadvokat Tor-Axel Busch åpner for at påtalemyndigheten kan komme til å påstå straff for Anders Behring Breivik under rettssaken. - Tiltalen vil bli skrevet med forbehold, sier riksadvokaten.

Lysbakken legger seg flat

- Alvorlig, sier lederen i kontrollkomiteen.

Skolejente (8) utsatt for blotter på Stord

To patruljer fra politiet leiter etter en mann som skal ha blottet seg for 8-åring på skolevei.

Ber om fengsel for Birkedal

Aktor Karsten Monsen mener den tidligere Frp-toppen Trond Birkedal fortjener ni måneders ubetinget fengsel for seksuell omgang og seksuelle handlinger med to gutter på 15 år.

fakta/Borgen-dokumentaren

  • I går kunne Bergens Tidende avsløre at Næringslivets sikkerhetsråd 8. mars sendte brev til NRK om Erling Borgen sin dokumentarfilm: «Et lite stykke Norge».
  • I brevet åtvarar NSR om at «enkeltpersoners liv settes i fare» gjennom filmen.
  • NSR viste mellom anna til dei valdelege demonstrasjonane som har vore i samband med Muhammed-karikaturane som er sett i samband også med Noreg.
  • Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, uttala til BT at brevet utan tvil må oppfattast som sterkt press mot NRK.

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger