Oslo

Det seier journalistikk-professor, Sigurd Allern, ved Universitetet i Oslo til Bergens Tidende. Bakgrunnen er avsløringa i Bergens Tidende i går av det til nå hemmeleghaldne brevet som Næringslivets sikkerhetsråd har sendt til NRK om Borgen-dokumentaren.

– Oppsiktsvekkjande

– Det er oppsiktsvekkjande at det er Bergens Tidende og ikkje NRK som offentleggjer dette brevet. Det stiller kringkastingssjefen og hans forsikringar om at NRK ikkje har late seg presse, i eit underleg lys, seier Allern.

– Det brevet som Næringslivets sikkerhetsråd (NSR) har sendt til NRK er av ein heilt annan karakter enn det brevet Aker Kværner har sendt.

– NSR er eit korporativt organ, styrt av Næringslivets Hovedorganisasjon, og med deltaking frå mellom andre PST (Politiets Sikkerhetstjeneste) og Politidirektoratet. Det er heilt openbert at brevet frå NSR i NRK måtte bli oppfatta som eit sterkt påtrykk for ikkje å sende dokumentarfilmen, seier Allern.

– Vis filmen

– Publikum sine tolkingsrammer er nå endra gjennom den medieomtalen vi har opplevd. Alle er klar over at dette er ein omdiskutert film. Vising av filmen kan eventuelt etterfylgjast av ein studiodebatt, seier Allern.

Eit slikt opplegg er heilt i tråd med kva direktøren i stiftinga Fritt Ord, Erik Rudeng, lanserte gjennom Bergens Tidende for fleire dagar sidan.

Kringkastingssjef John G. Bernander gav måndag ei orientering til styret i NRK om handteringa av Borgen sin film.

Mangelfull orientering

Men styret fekk ikkje fullstendig informasjon om innhaldet i brevet frå NSR.

Då Bergens Tidende tysdag ettermiddag var i kontakt med styreleiar, Eldbjørg Løwer, nestleiar Thor Bjarne Bore og styremedlem og NRK-veteran, Geir Helljesen, kunne ingen av dei hugse å ha fått nokon informasjon frå Bernander om dette brevet.

I går opplyste styreleiar Løwer derimot til Bergens Tidende at Bernander hadde opplyst at det var kome eit brev frå NSR utan at han refererte eller gjekk detaljert inn på innhaldet i brevet.

TV 2 takka i går nei til å overta avtalen mellom NRK og Borgen om å vise dei tre dokumentarfilmane i serien «Det uskyldige Norge».