Partileiar Dagfinn Høybråten gjorde den svenske sosialdemokratiske statsministeren Göran Person sine ord til sine: «Vi er stolta, men inte nöjda» då han i går oppsummerte stortingsperioden og nesten fire år med Bondevik II-regjeringa.

Han streka under at KrF og regjeringspartnarane ikkje er arrogant sjølvtilfredse og har ønskje om å utrette meir i regjeringsposisjon. Og han la til at regjeringspartia er både kampviljuge og inspirerte.

Med seg under møtet med pressa hadde Høybråten, Einar Steensnæs, som i Jon Lilletun sitt sjukefråvær, er parlamentarisk leiar. Steensnæs forlet nå Stortinget og topp-politikken.

Steensnæs leverte denne avskilshelsinga: «Vi kan styre. Vi kan levere. Vi har vist at Noreg er på rett veg.»

Mobilisering

Høybråten, som bur i Akershus, overtek Steensnæs sin plass som førstekandidat frå Rogaland. Og Høybråten kunne med glimt i auga sende «ei helsing heim» då han kunngjorde at Rogland KrF er største fylkesparti når det gjeld medlemer, uansett parti. KrF er på landsplan partiet med nest flest medlemer.

Høybråten meiner valkampen er blitt viktigare og viktigare for å mobilisere veljarane til å delta i valet og for val av parti. Han viser til ei veljarundersøking frå 2001-valet som synte at 44 prosent av veljarane hadde skifta parti frå førre stortingsval.

Meir enn 1/3 av veljarfolket bestemmer seg i løpet av dei siste vekene før valet. Sjølv meiner KrF å ha eit stort potensial i veljarar som sit på gjerdet. Det gjeld berre å få dei ned frå gjerdet og fram til urnene.

Då ser Høybråten for seg at det skal vere råd å kome over 10 prosent. Meiningsmålingane har i seinare tid plassert partiet langt unna 10-talet. Og eit valresultat på 12,4 prosent, som ved siste stortingsval, eller 13,7 ved brakvalet i 1997, verkar heilt i det blå.

«Gjennomslag»

Høybråten forklarar at KrF nå har fått større gjennomslag for dei viktigaste sakene sine enn på mange år. Men han ville i går ikkje svare på om det betyr at det har vore lettare å vinne gehør med Høgre som regjeringspartnar enn det var med Senterpartiet.

— Mange saker som er viktige for oss, blir utfordra i valkampen. Det er vi ikkje leie for, forklarte Høybråten. Det seier han i von om eller i visse om at det verkar mobiliserande for KrF i KrF sitt veljarpotensiale.

Dei sakene Høybråten siktar til, er: kontantstøtta, skattefrådrag for støtte til friviljuge organisasjonar, ein omkamp om bioteknologilova, kamp om friskulane eller privatskulane, spørsmålet om ei kjønnsnøytral eksteskapslovgjeving og spørsmål om å fjerne den kristne føremålsparagrafen i barnehagane.

- Tøff valkamp

— Det kjem til å bli ein tøff valkamp. Vi skal gjere vårt til at det blir ein sakleg valkamp ved å legge vekt på kva vi vil. Det må også vere rom for å gje ros til andre for kva dei har utførd eller medverka til. Vi vil markere oss som eit parti som nyttar både hjarte og hovud, seier Høybråten.

Han ønskjer at partiet skal framstå som «familiepartiet» som legg vekt på mjuke verdiar. Han vil helst sleppe oppstyret rundt den gule cabrioleten, sportsbilen som partiet nå køyrer rundt med. Men på nettsida si presenterer partiet seg som ein hardtslåande boksar.

Høybråten forsikrar nå at det i alle fall ikkje blir «rusbrusen» som skal markere partiet i denne valkampen, i motsetnad til ved siste val då partileiar Valgerd Svarstad Haugland måtte slite med å fri seg frå den «møllesteinen».

«Vi vil. Vi har fått det til - og mye står på spill». Det er Høybråten sitt alternative slagord.

KrF si skryteliste

KrF har laga ei liste i 10 punkt over det partiet omtalar som KrFs viktigaste sigrar 2001-2005. 1. Kamp mot fattigdom og for fred internasjonalt.

2. Meir valfridom for familiane (Kontantstøtte)

3. Arbeid for alle. Auka sysselsetjing, lågare arbeidsløyse.

4. Tiltak mot fattigdom i Noreg.

5. Vern om menneskeverdet. Kamp mot sorteringssamfunnet gjennom ny bioteknologilov.

6. Auka satsing på helse. Mellom anna røykelova.

7. Betre skule. Tiltak mot mobbing, kompetanseheving, kunnskapsløft.

8. Støtte til friviljug arbeid, kyrkje og kultur. Skattelette for bidrag til friviljuge organisasjonar.

9. Forsterka miljøkamp. Auka verneareal, fond for CO2-handtering.

10. Satsing på kommunal velferd, distrikt og næringsliv. Her nemner partiet «historisk utflytting av statlege arbeidsplassar til distrikta».

MØTTE PRESSA: Med seg under møtet med pressa i går hadde partileiar Dagfinn Høybråten(t. v. ), Einar Steensnæs, som for tida er parlamentarisk leiar for KrF. Steensnæs forlet nå Stortinget og topp-politikken. FOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX