Direktør ved Arbeidsmiljøsenteret, Paul Norberg, er blitt utålmodig:

— Bondeviks kampanje har så langt blitt med pratet. Svært lite konkret er gjort. Det har snart gått eit heilt år utan at det er blitt løfta ein finger på arbeidsplassane, seier Norberg til BT.

— Vi veit nok i dag om mobbing til å gjere noko aktivt. Det er ikkje nødvendig med meir forsking før vi kan sette i gang tiltak.

Stille etter nyttår

Det var i nyttårstalen for 2004 at statsminister Kjell Magne Bondevik brukte mykje tid på å snakke om mobbing på arbeidsplassane. Han inviterte partane i arbeidslivet til å samarbeide om å utarbeide konkrete tiltak. No er handlingsplanen godkjend, og skal lanserast neste månad. Då har det gått eitt år sidan talen. Norberg er ikkje imponert, og heller ikkje optimist når det gjeld kampanjen neste år.

— Det er ikkje sett av øyremerkte midlar mot mobbing i arbeidslivet i statsbudsjettet for 2005, seier han til BT.

- Ingen aktiv kampanje

Rett nok skal ei ekstraløyving på tjue millionar kroner delvis brukast i kampen mot mobbing på arbeidsplassen. Men pengane skal også finansiere nye oppgåver i samband med EØS-utvidinga og problemstillingar knytte til arbeidsinnvandring og sosial dumping. Dette er ikkje godt nok, meiner Norberg. ý Regjeringa gøymer seg litt for lett bak sekkepostane sin. Men så lenge dei har lansert ein kampanje mot mobbing er dei nøydde til å øyremerke midlar etter mi meining, seier han til BT.

— Hvis ikkje, blir dette ein moralsk haldningskampanje, ikkje ein aktiv kampanje for å forebygge mobbing.

- Høgt prioritert

Seniorrådgjevar Tone Kjeldsberg i Arbeids- og Sosialdepartementet er usamd.

ý Mobbekampanjen er høgt prioritert hos oss, seier ho til BT.

ý Men det har tatt lang tid?

ý Det er rett at vi ikkje har sett i verk konkrete tiltak, men vi har gjort eit stort stykke arbeid for å planlegge kampanjen, og få den på skinner. Arbeidstilsynet har ansvar for å gjennomføre en del tiltak, som truleg blir sett i gang raskt over jul.