Laboratoriet skal halde fram med teknologiutvikling også etter at det fullskala reinseanlegget på gasskraftverket har kome i drift.

Permanent

Dette kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg i går. Til nå har ein lagt til grunn at testanlegget berre vil vere i drift inntil reinseanlegget for gasskraftanlegget er på plass. Etter dei oppdaterte planane vil det skje i 2014. Investeringane i reinseanlegget vil ifølgje Stoltenberg ligge godt over ti milliardar kroner.

I går slo Stoltenberg fast at testanlegget blir ståande og vere i permanent drift i mange år for å teste ut ny teknologi med sikte på stadig betre reinsemetodar.

Informasjonsdirektør Gine Wang i avdelinga for teknologi og ny energi i StatoilHydro, seier til Bergens Tidende at etter den opphavlege planen skal testanlegget for reinseteknologi vere i drift i fem år etter et det har kome i drift. Testanlegget vil stå ferdig i 2011.

Statsministerens kontor freista i går ettermiddag å dempe noko av innhaldet i statsministerens lovnader: BT fekk opplyst at det er regjeringa sin ambisjon at testsenteret skal bli permanent, men at det førebels ikkje er inngått nokon avtale om det.

Stoltenberg held sterkt fast på at planane for Mongstad kan karakteriserast som eit «månelandings-prosjekt» slik han omtala det i nyårstalen sin ved siste årsskiftet. Han er ikkje villig til å vedgå at denne begrepsbruken var ein fadese. Men han har dempa seg noko når det gjeld skrytelista. Det er ikkje lenger snakk om verdas første og største gassrenseanlegg.

Personleg prestisje

Stoltenberg gjorde det i går klart at han har sterk personleg prestisje knytt til utvikling av reinseteknologi på Mongstad.

— Av omsyn til teknologi og miljø, og av omsyn til mi eiga sjølvkjensle skal dette prosjektet gjennomførast på Mongstad. Så lenge eg har ansvar i dette landet skal eg stå på for dette prosjektet. Eg vil ikkje sitje på ein pressekonferanse seinare og forklare kvifor det ikkje vart noko av, framheva Stoltenberg.

Han framheva sterkt at sjølv om ikkje testlaboratoriet og teknologiutviklinga der er såkalla kostnadseffektivt i seg sjølv, så skal prosjektet gjennomførast.

Vil ikkje vike sete

Stoltenberg har den siste tida blitt kritisert av fleire kommentatorar for å vere usynleg og uklar som statsminister. Og det har kome oppmodingar mellom anna frå den politiske redaktøren i Dagsavisen, som soknar til Ap, om at Stoltenberg bør gå av. Han burde overlate statsministerposten til SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen. Så kunne Stoltenberg bli finansminister. Andre har teke til orde for at Jonas Gahr Støre burde overta som statsminister.

Sjølv avviser han fullstendig alle tankar om å gå av. Han seier at det er viktig i eit demokrati at ulike kommentatorar kan kome med slike ytringar.

Samstundes tek han innspela og synspunkta til inntekt for at han leier ei regjering som har mange dyktige statsrådar.

PERSONLEG PRESTISJE: På ein pressekonferanse i den nye operaen i Bjørvika sa statsminister Jens Stoltenberg at han har storpersonleg prestisje knytt til at Mongstad får eit norskutvikla reinseanlegg for CO2-reinsing. FOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX
Cornelius Poppe