- Meklingsordninga fungerer ikkje

Den obligatoriske meklinga som foreldre med born under 16 år må gjennom fungerer for dårleg, ifølgje forskarar.

I dag er det berre obligatorisk med ein time mekling ved samlivsbrot. Det er altfor lite ifølgje psykologiprofessor Odd Arne Tjersland ved Universitetet i Oslo.

- Ordninga fungerer ikkje godt nok. Ein time er altfor lite til å få på plass avtalar som sikrar at det ikkje oppstår konfliktar mellom foreldra og borna, seier Tjersland.

Dersom foreldra ønskjer det, kan dei få sju timar med mekling, men svært få nyttar seg av dette tilbodet, ifølgje Tjersland.

- Ved eit samlivsbrot er det sterke kjensler involvert, og dei fleste vil berre kome seg vidare. Hadde det vore fleire obligatoriske timar med mekling, trur eg det hadde vorte færre konfliktar i etterkant, seier Tjersland.

Professor Frode Thuen ved Høgskulen i Bergen er einig.

- Familievernkontora har fått mindre ressursar dei siste åra, og det er svært uheldig. Får ein ikkje i stand skikkelege avtalar med borna, er risikoen større for at dei får problem seinare i livet. Difor er det så viktig med mekling, seier Thuen.

Les også

Siste fra Innenriks

Bergensbanen i drift igjen etter solslyng

Trafikken på Bergensbanen er i gang igjen etter en kort stans på grunn av solslyng ved Hallingskeid lørdag.

Varmen stopper Bergensbanen

To persontog står fast ved Hallingskeid.

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Lederstillinger

Stillinger