Dei fem vestlandskommunane bryt lova fordi dei manglar ein plan for helsemessig og sosial beredskap, meiner Statens helsetilsyn.

— Det er viktig at alle kommunar har slike planer. I ein krisesituasjon vil helse- og sosialtenestene bryta saman dersom det ikkje finst ein plan, seier fylkessjukepleiar i Hordaland, Laila Nordheim Alme.

Målet er at kommunane skal kunne takla ekstreme situasjonar som større ulukker og epidemiar der mange kan bli smitta, også helsepersonell. Planen må også vera ein del av kommunen sin samla kriseberedskap.

— Slike planar må gjennomgåast og øvast på slik at ein veit at dei verkar, seier Alme.

Fleire kommunar Bergens Tidende var i kontakt med i går hadde likevel ikkje dårleg samvit.

— Det er rett at me har hamna i den eksklusive gruppa, seier Fitjar-ordførar Agnar Aarskog. Planen er derimot like om hjørnet, fordi kommunen har fått utsett frist til 15. mars.

— Dette er viktige planar som ikkje er til å kimsa av. Me kan koma i situasjonar anten det er fugleinfluensa eller noko anna. Då er det kjedeleg å ikkje ha planverket i orden, seier Aarskog.

På Fedje er dei også godt i gang med planarbeidet, men har ikkje komne heilt i mål. Planen skal vera ferdig 1. juni.

— Det er arbeid i gang med å utarbeida ein slik plan. Kommunen har godkjent smittevernplan, plan for kriser og katastrofar og ROS-analyse, som alle er element i ein samla plan for helse- og sosial beredskap, seier driftssjef for oppvekst og omsorg Grete A. Herøy.

I Lindås derimot var dei overraska over å ha hamna på fy-lista.

— Vi har planen, vi. Den blei godkjent i kommunestyret før jul. Ved ein feil har han ikkje blitt sendt inn til Helsetilsynet, men vi har han til eiga bruk. Det er det viktigaste, seier Henrik Flatøy, rådmann i Lindås kommune.

Helsedirektør Lars E. Hanssen er ikkje tilfreds med at så mange som 33 norske kommunar manglar beredskapsplan.

— Kommunar som manglar slike planar er dårlegare førebudd på å takla kriser, for eksempel dersom fugleinfluensa smittar over på menneske.