Samstundes gjer Kripos-sjef Arne Huuse det klart at politiet fryktar store mørketal når det gjeld omfanget av barnepornografi. Det er behov for endå større politiinnsats for å kome denne typen kriminalitet til livs.

Omfattande beslag

Det er gjort omfattande beslag som det vil ta tid å gjennomgå og analysere. Men det er alt nå klart at det i materialet er bilete som viser overgrep mot barn, opplyser Huuse.

Det er også mistanke om at fleire av dei sikta sjølv kan ha gjort seg skuldige i overgrep. Mistanken omfattar også produksjon og vidaresal av barnepornografi.

— Etterforskinga vil vise om vi står overfor pedofile eller eit pedofilt nettverk, seier Huuse.

Kjempeaksjon

Politiet over heile landet har dei to siste dagane gjennomførd ein samordna aksjon under leiing av Kripos. Aksjonen er gjennomførd på grunnlag av eit omfattande kartleggingsarbeid i Kripos etter at dei mottok opplysningar om elektroniske spor frå tre ulike land.

Kripos har identifisert og lokalisert alle dei 160 sikta og så sendt opplysningane vidare til dei ulike politidistrikta.

Det vil vere dei einskilde politidistrikta som nå gjennomfører etterforsking og fylgjer opp sakene mot kvar og ein av dei sikta. Kripos vil i denne fasen yte etterforskingshjelp.

Den vidare etterforskinga av sakene vil klarlegge i kva grad det dreier seg om straffbar pornografi i kvar og ei av sakene. Å skaffe seg slik pornografi kan straffast med fengsel inntil to år, men inntil seks månader dersom det skjer aktlaust og ikkje med overlegg.

Vil identifisere

Kripos ville i går ikkje gje opplysningar om korleis sakene fordeler seg på dei ulike politidistrikta. Men Huuse seier at Oslo, «naturleg nok» skil seg ut.

— Vi vonar å finne fram til dei barna som har vore utsett for overgrep og identifisere gjerningsmennene, seier Huuse.

Ifylgje Huuse ser det ikkje ut til å vere bestemnte likskapstrekk mellom dei 160 som nå er sikta.

— Kanskje står vi overfor eit gjennomsnitt av norske menn, seier Huuse.

- Toppen av isfjell

Politiavdelingssjef Håvard Aksnes, som leier avdelinga i Kripos som arbeider med spaning og etterforsking av barneporno, opplyser at det gjennom etterforskinga allereie er avdekka at det har skjedd produksjon av barneporno i Noreg. Det er også mistanke om distribusjon og vidaresal av slikt materiale.

— Vi har hittil berre sett toppen av eit isfjell, men vonar at denne aksjonen vil ha førebyggande effekt, seier Aksnes.