Det var i Brende si tid som miljøvernminister at miljøinformasjonslova vart fremja og vedteken i Stortinget.

BT fortalde i går at importørane av regnskogtømmer kravde konfidensialitetserklæring frå Regnskogfondet som vilkår for å levere ut importopplysningar. Dersom Regnskogfondet røpa slike opplysningar, skulle dei risikere å betale inntil 2,5 millionar kroner i erstatning.

Dette skjedde etter at den offentlege klagenemnda for miljøinformasjon hadde pålagt selskapa å utlevere denne informasjonen utan vilkår.

Brende har ikkje hatt kjennskap til dei problema Regnskogfondet har hatt med å få ut opplysningar frå importørane av regnskogtømmer.

— Det er tydelegvis behov for å evaluere lova og dei verkemidla som står til disposisjon, inkludert sanksjonsmiddel, seier Brende.

— Eg meiner det er sjølvsagt at Regnskogfondet og forbrukarane skal få tilgang på den informasjonen Regnskogfondet har kravd og som klagenemnda har gjeve dei rett til. Det er difor vi har denne lova, seier Brende.

— Dei som eventuelt måtte finne på å nekte å utlevere opplysningar dei har fått pålegg om, bør i tilfelle gå rettens veg, altså til domstolane for eventuelt å angripe pålegg dei er usamde i, legg Brende til.

Nils Hermann Ranum som er kampanjeleiar i Regnskogfondet seier at Regnskogfondet følte at ein var i ein slags tvangssituasjon då ein gjekk med på å inngå ein forliksavtale med treimportørane. Avtalen innebar at regnskogfondet forplikta seg til å varsle importørane minst eit døgn før ein offentleggjorde opplysningar om importforhold.

— I og med at lova ikkje inneheld sanksjonsmiddel mot den som bryt pålegg om å utlevere informasjon, er ansvaret for å få ut informasjon overlate til den som klagar og som krev informasjon utlevert. Det er svært lite tilfredsstillande, seier Ranum.