Det krev nestleiaren i SV, Øystein Djupedal. Kjell Engebretsen, som er fraksjonsleiar for Ap i Kontroll— og konstitusjonskomiteen, meiner Lovavdelingen gjer klokt i å vurdere Ludvigsen-saka på ny.

Klar kritikk

Kravet kjem på bakgrunn av oppslag i Bergens Tidende i går. Der retta to av dei fremste ekspertane på forvaltningsrett og habilitetsreglar, professorane Jan Fridtjof Bernt i Bergen og Carl August Fleischer i Oslo, klar kritikk mot viktige sider ved vurderingane som Lovavdelinga har gjort.

Fiskeriminister Svein Ludvigsen seier til Bergens Tidende at han held seg til den vurderinga Lovavdelinga har gjeve. Han vil ikkje kommentere saka ut over det.

Vurdere på ny

— Når to så framståande ekspertar stiller spørsmål ved Lovavdelinga sine vurderingar, inneber det at Lovavdelinga må vurdere saka på ny, seier Djupedal til Bergens Tidende.

Djupedal viser til at dei to professorane ikkje har noka eiga interesse av å vere ute etter Svein Ludvigsen. Difor må ein legge stor vekt på dei synspunkta og vurderingane dei kjem med.

— I utgangspunktet er habilitet for ein statsråd ei alvorleg sak. Difor kan ein ikkje ta lett på slike habilitetsvurderingar. Eg reknar også med at det vil vere i regjeringa si eiga interesse å få gjennomgått og vurdert spørsmåla på ny slik at det ikkje er det minst tvil om at det ikkje hefter noko ved fiskeriministeren, seier Djupedal. Folks vurderingar

— Jussen kan nok tolkast ulikt og gje grunnlag for innvendingar mot habiliteten. Men endå viktigare er det korleis folk på utsida opplever situasjonen. Dersom dei opplever at statsråden er ugild, så har han eit problem - uavhengig av korleis dei juridiske vurderingane fell ut, seier Engebretsen.

Han seier at han trur statsminister Kjell Magne Bondevik og fiskeriminister Ludvigsen vil opptre svært forsiktig for å unngå at det oppstår habilitetsinnvendingar mot Ludvigsen. Carl I. Hagen seier han er forundra over innvendingane frå professorane Bernt og Fleischer. Han hevdar at det ville bli nærmast uråd å sette saman ei regjering, dersom ein skulle fylgje deira vurderingar.