Oslo

— For første gong har vi nå frå kjelder med tilknyting til Pentagon fått opplyst at Vardø-radaren inngår i det amerikanske rakettforsvaret. Det er noko heilt anna enn det Stortinget tidlegare er blitt informert om, seier Jacobsen som var medlem av Utanrikskomiteen i førre stortingsperiode.

Irak-krigen

Det var i NRK Brennpunkt-programmet tysdag det kom fram nye opplysningar ut over det som tidlegare er blitt kjent gjennom Bergens Tidende.

I tilknyting til programmet har det kome fram at Vardø-radaren har hatt ei oppgåve i den amerikanske krigføringa i Irak. Radaren var til hjelp ved å hindre kollisjon mellom satellittar over Irak.

Dette vart i går tilbakevist av den amerikanske ambassaden i Oslo.

Tidsmomentet for overføring av opplysningar frå radaren til USA er her heilt sentralt.

Direkte til USA

Jacobsen påpeikar at det gjennom programmet er gjort det rimeleg klart at opplysningar frå Vardø-radaren kan gå direkte til USA.

— Det er nå viktig å få klarlagt om slik informasjon er sendt direkte, men også om slik informasjon nokon gong er nekta sendt. Ei ny regjering må sjå på dette på nytt. Kva er det som skjer? Og kan dette halde fram? seier Jacobsen.

  • Er du viss på at Ap i ei ny regjering vil vere villig til å ta opp denne saka?

— Eg er trygg på at det er i alle sine interesser at det blir avklara at avtalar som er inngått, blir haldne, seier Jacobsen.

Kontakta UD

I fjernsynsprogrammet vart det opplyst at den amerikanske professoren Ted Postol, som Bergens Tidende hadde kontakt med gjennom 1999, laga ein rapport om Vardø-radaren for UD.

Kjelder i UD opplyser til BT at det var Postol sjølv som kontakta UD og bad om å få orientere om Vardø-radaren.

UD tok imot tilbodet, og det vart halde eit møte i den norske ambassaden i Washington i november 1999.

Ifølgje UD-kjeldene kom det under møtet ikkje fram noko som ikkje var kjent for UD på førehand. Det vart ifølgje kjeldene ikkje laga noko referat frå møtet og det eksisterer heller ingen rapport.

Glidande forklaringar

Det har vore ei gliding i forklaringane frå spesielt Forsvarsdepartementet når det gjeld oppgåver og føremål med Vardø-radaren.

I lang tid vart det hevda frå FD at radaren hadde i oppgåve å overvake romskrot, skrot i verdsrommet.

Mange har stilt spørsmål om kvifor USA skulle bruke 100-vis av millionar kroner på ein radar med eit slikt føremål.

Seinare vart det uttala at radaren også hadde andre oppgåver.

UD-kjeldene hevdar nå overfor Bergens Tidende at det aldri har vore lagt skjul på at radaren har etterretningsoppgåver.

Statsminister Kjell Magne Bondevik seier i dag til Bergens Tidende:

  • Radaren i Vardø inngår i eit internasjonalt nettverk som overvaker og katalogiserer objekt i rommet.