• No må vi køyre fram våre eigne saker, og vise kvar forskjellane mellom SV og Ap ligg, seier førstekandidat for SV i Hordaland, Ågot Valle.

— Eg opplever at vi har hatt ein god valkamp lokalt. Så det du ser her er nok mykje ein nasjonal tendens, seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken.

Han har i dag andremandatet til SV i Hordaland, etter Ågot Valle. I den siste meiningsmålinga i BT er Lysbakken ute av Stortinget, noko som vil prege innspurten på valkampen.

— Lysbakken nyt stor respekt i SV, og er det nokon som kan halde SV i øyra så er det han. Han er ein person som Kristin Halvorsen lyttar til, reklamerer Valle.

Halvorsens bomskot

Ho vedgår at ikkje alt har gått som det skulle for SV i denne valkampen. Som til dømes Kristin Halvorsens harde utfall mot KrF-leiar Dag Høybråten i Dagbladet.

Eit anna problem er at SV er blitt ståande som eit haleheng til Ap i det offentlege ordskiftet, noko Ap ser ut til å ha tent på i meiningsmålingane.

Valle og Lysbakken les resultatet frå BTs panelmåling med interesse, og konstaterer at storebror i den raud-grøne alliansen stel grovt.

— For oss har det vore ein balansegang: Vi vil ha ei ny raud-grøn regjering fordi vi ser utviklinga har gått i retning av større forskjellar og ein marknadsliberalisme som tek nakketak på utviklinga. Og samstundes skal vi køyre fram våre eigne saker, seier Valle, som vedgår at den siste biten ikkje har blitt så tydeleg.

Vil hente inn att tvilarane

— Har de vore for feige?

— Nei, eg vil ikkje kalle det feig. Men no blir det ekstremt viktig for oss å vise kva forskjellane er. Vi må vise kvar vi er samde og kvar vi er usamde. Det er viktig at folk no stemmer på SV viss dei vil ha SV sin politikk, seier Valle.

Vona i dei tala BT i dag presenterer ligg for SV i at mange av dei tapte veljarane har gått ut i tvilar-gruppa.

— Tala viser at sofaen framleis er vår aller største fiende. Vi var det største heimesitjarpartiet ved førre stortingsval, seier Lysbakken.

Ein hovudårsak er at SV har mange potensielle veljarar blant dei unge, der valdeltakinga er låg. Det blir difor mange skule- og studentdebattar på Lysbakken & Co den siste halvanna veka før valet.

TYNN TRÅD: Stortingsrepresentant Ågot Valle meiner SV no må markere tydelegare forskjellen til Arbeidarpartiet for å redde valresultatet, og Audun Lysbakkens stortingsmandat.<p/>FOTO: GIDSKE STARK