Dette er klart etter at kontrollkomiteen på Stortinget i går behandla diett-saka.

Komiteen var i denne omgang ikkje innstilt på å ta ein ny runde med nye spørsmål til Regjeringa. Fleirtalet ynskte at regjeringskontora skal få litt tid på seg til å fylgje opp. Berre Frp og Sp ynskte i går å stille nye spørsmål til fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) om saka.

Men det kan vere duka for nye spørsmål på nyåret. Det kan anten bli frå komiteen eller frå fraksjonar i Stortinget.

— Rydd opp

Fleire representantar gjev uttrykk for at dei ventar at Kristin Krohn Devold sjølv eller Forsvarsdepartementet vil syta for å ordne opp.

Det betyr at Krohn Devold og Forsvarsdepartementet har ei viss tid på seg før dei risikerer ny pågang.

Til Bergens Tidende uttalar ekspedisjonssjef Elisabeth Bødtker Larsen at Forsvarsdepartementet ikkje har planar om nokon ny gjennomgang av Krohn Devold sine reiseoppgjer.

— Mitt råd til Kristin Krohn Devold er at ho sender eit brev til Forsvarsdepartementet og seier seg viljug til å betale tilbake, dersom ho har fått for mykje utbetalt, seier partiformann i Frp og visepresident i Stortinget, Carl I. Hagen, til Bergens Tidende.

Parlamentarisk leiar i SV, Inge Ryan, seier til BT at fleire kan rydde opp dersom det har skjedd «feil»: - Det kan Krohn Devold gjere sjølv, eller Forsvarsdepartementet. Dessutan kan Riksrevisjonen gå inn og sjå på dette, seier Ryan.

Høgres Per Kristian Foss har tidlegare overfor Bergens Tidende gjeve uttrykk for at han reknar med at Krohn Devold sjølv ordnar opp.

- Rein provokasjon

Men eit avisinnlegg frå Krohn Devold i Aftenposten i går, kan reise tvil om det er realistisk å vente noko slikt initiativ. Her var det ingen signal om at ho meiner ho har motteke for mykje.

Bergens Tidende er kjent med at innlegget har vekt sterke reaksjonar i Moderniseringsdepartementet som forvaltar regelverket for reiserekningar i staten.

— Dette innlegget er ein rein provokasjon, seier Hagen, til Bergens Tidende.

— Det ho tilbakeviser i innlegget, er det ingen som har kritisert henne for. Men dei konkrete forholda som det er grunn til å setje fingeren på, går ho ikkje inn på. Det er ingen vilje til å korrigere dei feil som openberrt har skjedd. Ho kunne enkelt ha sagt at dersom det er gjort feil med reiserekningane, er eg sjølvsagt viljug til å betale tilbake, seier Hagen.

- Underordna framfor seg

— Eg opplever innlegget slik at Kristin Krohn Devold her skuvar underordna i Forsvarsdepartementet framfor deg, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, til Bergens Tidende.

— Utsegnene hennar her, står i kontrast til utsegnene Forsvarsdepartementet har kome med til Bergens Tidende. I tillegg er det verd å peike på dei opplysningane Bergens Tidende har framskaffa om behandlinga i Patentstyret. Dette saman bør gje Forsvarsdepartementet all grunn til å gå igjennom praksisen sin, seier Kleppa.

Sist laurdag kunne Bergens Tidende fortelje at tilsette i Patentstyret har måtta tilbakebetale nokre hundre kroner etter at Riksrevisjonen har avdekka at dei har fått full diett og samstundes fått dekt måltid på reise.

— Vi må ha like reglar for kong Salomo og Jørgen Hattemakar, seier Hagen.

Med klar tilvising til BT-oppslaget fremja Frp i komiteen framlegg om å sende eit nytt brev til Moderniseringsdepartementet der ein tok til orde for å gjennomgå Krohn Devold sine reiserekningar.

Framlegget fekk ikkje fleirtal i komiteen. Berre Senterpartiet støtta framlegget om å sende eit nytt brev nå.

SV og Ap meinte det var for tidleg å sende eit nytt brev berre seks dagar etter at komiteen fekk svar på sitt første brev til fornyingsminister Heidi Grande Røys.

MÅ ORDNE OPP: Fleire stortingsrepresentantar gjev uttrykk for at dei ventar at Kristin Krohn Devold sjølv ellerForsvarsdepartementet vil syta for å ordne opp i diett-saka. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND