- ME er ein stresstilstand
- Ingenting ved Lightning process rokker ved synet på ME i det nevrologiske fagmiljøet, seier nevrologspesialist Ole-Bjørn Tysnes.
AV: kjersti mjør
Les også:
Fagfolk er usamde om årsakene til kronisk utmattingssyndrom, også kjent som ME eller CFS. Dei fleste nevrologar meiner at dette er ein stresstilstand, ikkje ein fysisk sjukdom.
- Sett frå ein nevrologisk ståstad er ME ein kroppsleg respons på kronisk stress, forklarar avdelingsoverlege Ole-Bjørn Tysnes ved Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.
Les også: Bente ut av rullestolen på tre dager
Sidan april har over 400 norske ME-pasientar reist til England for å prøve å bli friske ved hjelp av det engelske treningsprogrammet Lightning process.
- At mange ME-pasientar fortel at dei raskt blir friske av metoden, støttar opp om synet i det nevrologiske fagmiljøet, fordi ingen alvorlege kroniske nevrologiske tilstandar kan bli bra på så kort tid, seier Tysnes.
- Ingenting nytt om ME
Hypotesen til grunnleggjar Phil Parker er at ME skuldast for mykje adrenalin i kroppen, og at det høge adrenalinnivået kan dempast gjennom mentale teknikkar.
Tysnes seier at det aldri er målt slike forandringar hos kronisk trøytte. Det finst heller ikkje eksempel på at sjukdommar i nervesystemet kan helbredast på denne måten
Les også: Skifta kurs etter at venninna blei frisk
- Lightning process byggjer på erfaring. Mange står fram og seier at dei er blitt friske, men vi får også ein god del rapportar frå folk som ikkje er blitt bra etter kurset. Ingenting ved metoden gir ny informasjon om årsaka til kronisk utmatting, seier Tysnes.
- Men ME er ein fortvilt sjukdom, som vi ikkje veit årsaka til. Kan noko gjere desse pasientane friske, er vi glade for det.
Nye retningslinjer
Mange ME-pasientar føler seg avfeide av skulemedisinen. No er Norsk nevrologisk forening i ferd med å lage utkast til nye retningsliner for utgreiing av ME.
- Vi vil sikre at pasientar får skikkeleg utgreiing, og blir tatt på alvor.
- Kva slags behandlingstilbod kan skulemedisinen tilby ME-pasientar?
- Det finst ikkje noko godt behandlingstilbod. Mental trening og avgrensa treningsprogram har vist seg effektive, men effekten har vore forholdsvis beskjeden, seier Tysnes.
Frå nevrologisk side er det viktig at pasientane må utgreiast grundig og i ein tidleg fase av sjukdommen, understrekar avdelingsoverlegen.
- Når konklusjonen er at det ikkje kan påvisast tilgrunnliggande nevrologisk eller indremedisinsk sjukdom, må dette formidlast klart til pasientane, slik at dei sjølve får høve til å arbeide med sine symptom.