— Dette er eit lite eventyr. Det er lett å la seg riva med, men det er viktig å ta med seg entusiasmen vidare, sa statssekretær i Samferdsledepartementet, Erik Lahnstein, då han ynskte ekspertar, vanleg interesserte og journalistar velkomne.

Staden var Thon Hotell Arena på Lillestrøm, like ved Flytoget, som til så lenge er det næraste vi kjem lyntog i Noreg.

Temaet var rapporten frå tyske jernbaneekspertar. Der var konklusjonen at lyntog mellom Oslo og dei store byane i Sør-Noreg vil vera nasjonaløkonomisk lønsamt.

— Lyntog i Noreg vil vera eit historisk kvantesprang, seier Lahnstein.

Høgres talsmann i lyntogsaka, Øyvind Halleraker, rosa det tyske arbeidet opp i skyene. Stort dårlegare var ikkje Irene Johansen og Truls Wickholm, som representerer Arbeidarpartiet i samferdslekomiteen på Stortinget. Til liks med Halleraker og Hallgeir Langeland frå SV var dei to framleis i rus etter å ha køyrd lyntog i Japan i førre veka.

Så langt ser ingen ut til å bry seg om kva lyntog vil kosta: 87 milliardar kroner for ny jernbanetrasé for lyntog mellom Sandvika og Bergen. At det må verta dyrt, vart gjort forståeleg av anleggsekspertar frå SINTEF. Krava til stabilitet og tryggleik er umåtelege når eit tog med fleire hundre passasjerar kjem susande i meir enn 250 kilometer i timen.

Elles går det fram av den tyske lyntograpporten at dei foreslår lyntog Oslo-Bergen parallelt med dagens Bergensbane. Men sjølvsagt utan alle krikane og krokane på Vossebana, i Raundalen og i Hallingdalen, der farten på dagens tog kjem heilt ned i 30 kilometer i timen.

EVENTYRLYSTEN? Statssekretær Erik Lahnstein kallar norsk lyntog «eit eventyr». Her er han i prat med Harry Dobeschinsky, som har leia arbeidet med den tyske lyntograpporten. T.h. Anita Skauge frå Jernbaneverket.