— Alle regelverka i kommunane er eit sjukdomsteikn. Det er mildt sagt suspekt. Dette er ei svært alvorleg sak.

Det sa Bernt under eit seminar i regi av Norsk Presseforbund i Oslo nyleg. Bernt er spesialist på offentleg rett og tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen.

Norsk Redaktørforening har undersøkt informasjons- og uttalereglementa i 134 kommunar og seks fylkeskommunar. Ei stor overvekt av desse reglementa har etter Bernt si oppfatning eit innhald som er heilt uakseptabelt.

- Bevisst uklare

— Dei styggaste er dei regelverka som er bevisst uklare. Dei fører til at folk blir redde for å uttale seg og skaper eit klima som går ut på at dørene skal haldast stengde, seier Bernt.

Professor Bernt viste til at Kommunaldepartementet i 1997 sendte ut eit rundskriv til kommunane der ytringsretten til dei kommunalt tilsette vart klart markert.

Bernt meiner at innhaldet i dette rundskrivet er mislikt og blir sabotert av mange kommunar:

— Her er det tale om ei bastant undergrunnsrørsle som fører ein geriljakrig mot ytringsretten.

Lojalitet vs. ytringsrett

Ofte blir ytringsrett for offentleg tilsette stilt opp mot lojalitetsplikt overfor arbeidsgjevar. I mange samanhengar blir lojalitetsplikta framheva sterkt framfor ytringsretten.

Bernt gjorde det klart at han meiner offentlege tilsette bør kjenne lojalitet mot «folket» som er eigarane og brukarane. Ein må då akseptere at det kan bli ein del «støy». Problemet er ikkje at det kjem for mykje ut, men heller det motsette, ifylgje Bernt. Han åtvara samstundes mot å lage eit regelverk som sondrar mellom faktaopplysningar og meiningar, slik at det er greitt å gje «faktaopplysningar» men ikkje «meiningar». Han meinte det vil vere ein vanskeleg grenseoppgang.

Han meiner det må vere mykje betre for kommunane at kritikk kjem ope fram med kjende kritikarar, enn anonymt.

Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga, Arne Fliflet, sa som si meining at ytringsfridomen må vere det primære i forhold til krav om lojalitetsplikt. Om ein stressar lojalitetsplikta, så fell ytringsfridomen.

Erna Solberg refsa pressa

Kommunalminister Erna Solberg var også med på seminaret. Ho meiner det er eit stort problem at mange presseorgan lagar urette oppslag på grunnlag av ei-kjelde journalistikk. Det skal vere ei forklaring på at mange kommunar er blitt engstelege og har laga strenge regelverk som skal hindre at tilsette uttalar seg til media.

Solberg vart utfordra til å ta eit initiativ overfor kommunane for å gjere noko med regelverka dei har utarbeidd.

Det ville ho ikkje. Ho forklarte at ho ikkje har heimel til å gjere noko overfor kommunane i ein slik samanheng.

LOJALITET MOT «FOLKET»: Jusprofessor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner offentlege tilsette bør kjenne lojalitet mot «folket» som er eigarane og brukarane. <p/>ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN