• Forsvaret har kvitta seg med fagleg kompetanse. Mange av dei som bestemmer, er utan nødvendig kompetanse. Dei som har hatt innvendingar, får beskjed om at dei er «lite konstruktive».

VIDAR YSTAD

Kommandør Bjørn Krohn (biletet) fyrar av denne breisida mot leiinga i Forsvaret og Forsvarsdepartementet i ein samtale med Bergens Tidende.

— Det er nå stor frustrasjon mellom offiserane. Fagleg kompetanse og styrke blir ikkje verdsett. Systemet etterspør nå berre «ja-menneske» som nyttar dei same flosklane, seier Krohn.

I går uttala admiral Einar Skorgen til NRK at forsvarssjef Sigurd Frisvold skal ha sagt at «anten er du positiv og med på laget, eller så får du finne deg noko anna å gjere».

Frisvold kunne ikkje avvise at han har sagt noko slikt.

— Admiral Skorgen har rett i det meste han har sagt om forholda både i departementet og i Forsvaret, seier Krohn.

Bergens Tidende har bede tidlegare forsvarssjef, general Arne Solli, kommentere Krohn sine synspunkt:

— Eg ynskte aldri berre ja-folk rundt meg. Eg var nøydd til å ha folk som stod for noko og kunne seie ifrå. Det er eit overordna prinsipp som alle må vere einig i.

Krohn meiner Forsvarsdepartementet har sluppe altfor lett unna det kritiske søkelyset. Han meiner pressa har forsømt oppgåvene sine ved å vere for lite kritisk. Krohn var i ei årrekke sentral i prosjektarbeidet med mineryddarfartøya og seinare prosjektleiar for fregattprosjektet.

— I departementet sit det mange saksbehandlarar som fattar viktige avgjerder men som ikkje har begrep om drift av Forsvaret. Dei har stor makt men er utan ansvar. Dei er dessutan ekspertar på å gøyme seg og unnlate å ta ansvar for avgjerdene sine. Eg har drøssevis av døme på at vi har sendt brev der vi tek opp viktige spørsmål men som dei ikkje svarar på.

Krohn hevdar at FLO (Forsvarets Logistikkorganisasjon) er fylt opp av folk frå Hæren som har liten peiling på sjøforsvaret. Han legg til at Sjøkrigsskolen utdannar intendantar, mange av dei med svært god kompetanse i økonomistyring, men som nå ikkje blir nytta.

Han meiner at sentralisering av fakturabehandlinga som også skjer elektronisk, har førd til mindre oversikt enn det ein hadde før.

— Når statsråden seier at ho har kontroll og skal rydde opp, er ho ikkje truverdig. Det er mogeleg at ho er god til å rydde heime. Men rydde i Forsvaret er ho vist at ho ute av stand til, meiner Krohn.