Ramune Simcikiene, 30 år, Litauen og Sotra

Etter ein lang sommarferie, heime med barna på åtte og ni i Kaunas i Litauen, er ho attende for andre gang.

Til sommarferien har ho og ektemannen, Sarunas, tent nok til å betale for ei kjærkomen utbetring og oppussing av huset.

Simcikiene er tilsett i arbeidskraftutleige-firmaet On Off, og arbeidar på lakseslakteriet Profish sitt anlegg på Askøy. Cirka ein tredjedel av arbeidsstokken på slakteriet er innleigd frå On Off. Betalinga er 70 kroner timen, etter skatt. Det er lågare enn Simcikiene sine norske kollegaer, men skyhøgt over dei tre-fire tusen i månaden dei kunne håpe på heime i Litauen.

No kan Simcikiene konkurrere om jobbane året rundt på line med deg og meg. Reglane som gjorde at ho tidlegare berre kunne få jobb når bøndene trengde arbeidskraft i tre månader om sommaren er borte.

Og her er jobb å finne — trass i at Simcikiene berre snakkar engelsk, og ektemannen berre litauisk.

Forskingssjef Jon Erik Dølvik hos forskingsstiftinga FAFO reknar med at over 20.000 personar frå dei nye EU-landa har funne seg arbeid på eiga hand eller gjennom firma som ON OFF i Noreg etter EU-utvidinga (sjå eigen artikkel på denne sida).

Bergens Tidende møtte Simcikiene i fjor haust, då ho var her for første gong. Då var planen klar. Ekteparet skulle jobbe eit stund i Noreg, legge seg opp pengar, og flytte heim. Kanskje starte noko for eg sjølv.

No er dei litt i tvil. Flytting til Noreg for godt er blitt eit tema.

— Det er lettare å leve her, seier Simcikiene.

Vilkåra i heimlandet er blitt tøffare. Etter EU-medlemskapet har prisane byrja å stige heime i Litauen, medan lønningane står stille.

Men valet er vanskeleg. Å ta barna med og etablere seg på nytt i eit framandt land, forlate familien og lære eit nytt språk.

Kva med å langpendle, i alle fall for ein av dei?

— I det lange løp vil vi vere saman, seier Simcikiene.