• Kontrollrutinane sviktar altfor ofte. Det blir for lett å forsyne seg frå medisinrommet.

Stort arbeidspress, både på sjukehus, sjukeheimar og i heimesjukepleien, gir grobotn for dårlege rutinar for medikamenthandtering.

Fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund, Mary-Anne Golten, seier at tilsette ofte tek snarvegar for å kome seg gjennom daglege arbeidsoppgåver.

Les òg: — Alltid mulig å lure systemet

— Den konstante sparesituasjonen i helsevesenet påverkar heile arbeidsmiljøet. Nokre grip til nødløysingar som medikament for å halde seg oppe, seier Golten.

— Er det for lett å forsyne seg frå medisinrommet på arbeidsplassen?

— Kontrollrutinane sviktar altfor ofte. Underforstått er det for lett. Men i den grad det skjer, skuldast det svikt på arbeidsplassen.

- Sovetablettar overalt

I gårsdagens BT fortalde ein tidlegare sjukepleiar om korleis ho nådde botnen av yrkeskarrieren på eit medisinrom i Helse Vest. I løpet av eit års tid stal ho fleire hundre valiumtablettar, før ho vart avslørt.

Kvinna fortalde om manglande kontrollrutinar for handtering av medikament på arbeidsplassen, og om ein intern kultur som aksepterer at tilsette av og til forsyner seg frå medisinlageret.

— På alle arbeidsplassar finst det folk som slit meir enn andre. Sjukepleiarar er som folk flest, men helsepersonell er meir utsette enn andre. Til dømes finst det sovetablettar overalt, både i den kommunale helsetenesta og på sjukehus, seier Golten.

— Men får slike kulturar vekse fram og etablere seg, trengst det opprøsking. Når grensa til straffbare handlingar blir overskriden, bør alarmklokkene for lengst ringje i arbeidsmiljøet. Det ligg eit stort personleg ansvar hos høgt utdanna helsepersonell til å forhalde seg til den kunnskapen dei skal representere.

— Kor vanleg er det å gå rundt med medikament i uniformslommene?

— Det er ikkje uvanleg. Heller ikkje at ein trillar medikament umerka gjennom gangane. Av og til veit ein mest ikkje kva som er i dei ulike porsjonspakkane eller skålene. Ein lagar seg rutinar som går langt over streken for trygg medikamenthandtering, seier Golten.

Krisetelefon

I sundags-BT etterlyste den tidlegare sjukepleiaren betre rutinar, og tok til orde for å etablere ein krisetelefon for helsepersonell i vanskelege livssituasjonar.

— Alle framlegg som hindrar at folk kjem i situasjonar der dei kan miste autorisasjonen, bør vurderast. Å miste retten til å praktisere er ein konsekvens som ein må forhalde seg til resten av livet, seier Golten.

— Mangelfull bemanning gjer at mange av våre medlemmar kjem i situasjonar, der dei kan bli taparar. Derfor er det så viktig med gode retningsliner, kontroll og kompetanse på arbeidsplassen.