• Psykiateren Pål Herlofsen og psykologen John Sandstrøm har avgitt urette erklæringar for å påverke soningsforholda for bergensaren Torbjørn Skage.

Det fastslo førstestatsadvokat Jørn Maurud då straffesaka mot Herlofsen og Sandstrøm vart innleidd i Oslo tingrett i går.

— Begge har teke seg stivt betalt for dette. Det handlar om korrupsjon, hevda aktor.

Skage vart i 2002 dømd i Bergen tingrett til to og eit halvt års fengsel for grovt tjuveri av 218 tonn resirkulerte panteboksar. Han var formann ved resirkuleringsanlegget Fana Stein & Gjenvinning i Rådalen, firmaet som var offer for tjuveriet.

Skage var oppsett på å unngå soning eller få så lette soningsforhold som råd. Via travkusken Atle Hamre fekk han kontakt med Sandstrøm og Herlofsen.

Herlofsen skreiv tre psykiatriske erklæringar, eit brev og ei legeerklæring til Bergen tingrett til støtte for Skage.

Aktor fastslo i går at Skage har gjort seg skuldig i aktiv korrupsjon i denne saka ved å betale dei to helsearbeidarane. Men ut frå ei totalvurdering har påtalemakta funne det forsvarleg å reagere med ei påtaleunnlating overfor Skage.

Lurt av journalist

Eit minst like sentralt vitne som Skage blir journalist Gøran Skaalmo i Dagens Næringsliv. Han presenterte seg som den straffedømde «Gøran Skog» då han oppsøkte Herlofsen for å få ei erklæring for å sleppe soning eller få soningsutsetjing. I det løynde gjorde han lydopptak av møta han hadde med Herlofsen.

«Skog» lurte Herlofsen trill rundt og fekk erklæringa han var ute etter.

— Han framstilte seg og spela ei rolle som var ein Oscar verdig, uttala Herlofsen i retten i går.

Gjennom eit 10 siders oppslag i Dagens Næringsliv 29. oktober 2005 vart Helsetilsynet, politi og påtalemakt sett på sporet av det som vart ei sak om kjøp og sal av legeerklæringar.

- Ikkje reint kriminelt

Aktor fastslo i går at dei to utan tvil er svært dyktige fagfolk som har ytt god og profesjonell hjelp til mange personar. Dersom oppfatninga nå er at dei har drive ei reint kriminell verksemd, så deler ikkje påtalemakte dette synet.

— Men rettsordenen vår aksepterer ikkje enkelttilfelle av ureieleg framferd frå aktørar som har ei så sentral rolle i rettssystemet, sa Maurud.

Både Herlofsen og Sandstrøm er tiltala for tre tilfelle av grov korrupsjon, for to postar med urette helseerklæringar til offentleg organ og tre postar som gjeld brot på helsepersonellova. Sandstrøm er dessutan tiltale for to tilfelle av brot på likningslova.

Herlofsen nekta straffeskuld på alle punkt medan Sandstrøm erklærte seg skuldig i brot på helsepersonellova.

Ingen sjekking

Under eksaminasjonen av Herlofsen i går måtte han vedgå at han hadde skreve ut ei erklæring til Gøran Skaalmo, alias «Gøran Skog», utan å ha sjekka nokon av opplysningane som «Skog» gav. Han bad korkje om å få sjå dommen eller innkallinga til soning og heller ingen helsejournal.

— Hadde eg bede om å få sjå dommen, hadde han sikkert framskaffa den og. Eg forsto ikkje at han var ein løgnhals, sa Herlofsen.