• Dei siste åra har legestanden fått auka kunnskap om kva sjukdommar flåttbitt kan føra til, meiner avdelingsdirektør Reidar Mehl ved Nasjonalt folkehelseinstitutt si avdeling for skadedyrkontroll.

— Ingen kjende til årsakssamanhengen for borreliose før i 1983. I førstninga gjekk det sakte med den medisinske oppdateringa, men det har betra seg dei siste åra, meiner Mehl.

I 2002 blei det meldt om 109 alvorlege tilfelle av borreliose i Noreg, dei fleste i Vest-Agder, Telemark og Møre og Romsdal. Talet var 124 i 2001, 138 i 2000 og 146 i 1999.

I Sverige er det rekna med rundt 10.000 sjukdomstilfelle som følgje av flåttbitt kvart år. Flåtten har om lag same utbreiing i Sverige som i Noreg, og den aukar ikkje, ifølgje Reidar Mehl.

I USA er det utvikla ein vaksine mot flåttsmitte, men medisinen har problematiske biverknader. Europa har andre typar flått enn amerikanarane, og kan ikkje nytta seg av USA-vaksinen, opplyser Reidar Mehl.

I 1962 var det ein epidemi i Sunnhordland med 27 innlagte pasientar på sjukehuset på Stord. Ut frå skildringa av sjukdommane er det seinare rekna med at dei fleste pasientane hadde borreliose.