Den profilerte, men kontroversielle journalisten er ikkje overraska over tala på vaksinerte born i Noreg har gått ned og trur nedgangen skuldast TV 2-dokumentaren.

— Det gjorde nok inntrykk å høre ein del av foreldra i programmet fortelja om sine erfaringer, seier Helskog til BT.

— Så du er budd på å ta ein del av ansvaret, dersom det bryt ut ein ny meslingepidemi som følgje av færre vaksinasjonar?

— Nei, det er heilt latterleg å seia noko slikt. Oppgåva mi som journalist er å bringe informasjon, og så får folk ta ei sjølvstendig avgjerd utifrå det.

Helskog meiner det ville vere umogleg å driva god journalistikk dersom han må stå til ansvar for indirekte konsekvensar av eit fjernsynsprogram.

— Vi laga dette programmet av aktverdige grunnar - for å skapa debatt. Dersom folk angrip «Rikets tilstand» for å utføra si demokratiske oppgåve, er det grotesk, seier ein provosert Helskog.

Han understreker at han ikkje sjølv har noko standpunkt om vaksinen er farleg eller ikkje, og seier programmet fleire gonger refererte til styresmakter og leger som meiner MMR-vaksinen er ufarleg. Utifrå dette avviser Helskog blankt at dokumentaren var ubalansert.

— Vi let alle parter få fortelje sitt syn, både dei som var for og mot vaksina. MMR-saka er ikke uproblematisk og det er stor debatt, særleg i England og USA. Det var denne vi tok fatt i, sier Helskog.