• Dagfinn Høybråten må stillast opp mot Valgerd Svarstad Haugland på nominasjonsmøtet i Akershus KrF. Det er den einaste farbare vegen nå.

VIDAR YSTAD

KrF-nestoren Gunnar Prestegård, som seier dette til Bergens Tidende, tek til orde for at nominasjonsmøtet i Akershus skal løyse problema partiet slit med ved å stille dei to opp imot kvarandre, slik det også skjedde for 12 år sidan.

Skilnaden frå den gongen er at då var begge unge og «lovande». I dag er den eine «utstøytt» partileiar og den andre arvtakaren som skulle få partiet på offensiven igjen.

Høybråten har som kjent sagt at det er uaktuelt å stille opp mot Valgerd etter at ho uttala at ho ville ha attval. Ho har ikkje gjort mine til å ville trekke seg.

Ein av dei må tape

— Nominasjonsmøtet i Akershus må vurdere kva partiet er best tent med, meiner Prestegård..

— Nominasjonsmøtet, ikkje nominasjonskomiteen i fylket, må finne ut av dette. Eg har alltid vore tilhengar av at rett organ skal behandle dei aktuelle spørsmåla. Og rett organ til å avgjere kven som skal stå først, er nominasjonsmøtet i Akershus. Ingen andre.

— Du meiner altså at nominasjonsmøtet i Akershus skal få ansvar for å støyte ut Valgerd eller påføre den nye partileiaren eit smerteleg nederlag?

— Ja.

- Høybråten, ein pryd

— Dagfinn Høybråten vil vere ein pryd for eikvar fylkesliste i KrF. Eg er difor heilt samd i sentralstyret sitt initiativ ved å be fylkeslag vurdere å nominere han på førsteplass.

Dette seier ein annan av KrF-nestorane, tidlegare partileiar, stortingsrepresentant og statsråd Kåre Kristiansen, til BT.

Både Prestegård og Kristiansen framhevar at det er nominasjonsmøtet, ikkje nominasjonsnemnda som avgjer korleis vallista skal sjå ut. Difor spelar det mindre rolle kva innstilling som kjem frå nominasjonsnemnda.

Må rydde plass

Kristiansen strekar sterkt under at når partiet først har valt Høybråten til leiar, så må ein berre rydde plass til han på ei stortingsliste der han kan bli valt. Han legg til at Stortinget er det viktigaste arenaen for politikk og politisk profilering. Der må partileiaren ha sete.

— Her må partiet sine interesser gå framfor einskildpersonar sine interesser. Det vil alltid vere ein annan det går ut over. Slik er det berre.

Kristiansen vil ikkje sjølv ta stilling til kven som må «ofre seg» for å gje partileiaren plass, av omsyn til partiet.

— Eg har sett at Kjell Magne Bondevik har gjeve uttrykk for at einskildpersonar nå vil kunne løyse nominasjonsproblema. Eg ser det slik at dette slår direkte tilbake på Bondevik sjølv. Han bør nå seie like ut kva han meiner i staden for å kome med slike halvkveda viser, seier Kristiansen.

- Moralsk plikt

— Eg meiner sterkt at det må vere ei moralsk plikt å sørge for at partileiaren får plass på Stortinget. Slik situasjonen nå ligg føre, meiner eg det naturlege er at Østfold tek denne jobben, seier ein tredje KrF-veteran, tidlegare stortingspresensentant Hans Olav Tungesvik.

— Kva med Akershus?

— Valgerd har kunngjort at ho ynskjer å stille. Både ho og Høybråten er så verdfulle for partiet at dei begge bør sikrast plass på Stortinget.

— Kva så med Oslo?

Historia gjentek seg

— Nå er eg så gamal at eg minnest frå mi tid på Stortinget at Eli Kristiansen var innvald som KrF-representant frå Oslo. Så melde Nesodden-buaren Kåre Kristiansen si interesse. «Alle» meinte at han måtte få plassen. Han hadde tidlegare sete på Stortinget og vore partileiar. Det var sjølvsagt ikkje lett for Eli Kristiansen, men ho tok det utruleg fint. Det vart ingen diskusjon og var heilt uproblematisk å nominere Kåre Kristiansen. Dette er sjølvsagt også eit alternativ nå. Men det er den skilnaden frå Østfold i dag at Oslo har ein sitjande representant, Lars Rise, som ynskjer å halde fram, seier Tungesvik.

Politiske «nomadar»

Gunnar Prestegård var vararepresentant på Stortinget frå Oslo i perioden 1989-93 og møtte fast under Syse-regjeringa i 1989-90. I 1985 vart Prestegård «flytta» frå Oslo og førd opp på førsteplass på KrF-lista i Akershus. Men partiet tapte klart for Sp med Anne Enger Lahnstein på topp. Dei to partia hadde listeforbund.

Einar Førde var ein annan «nomade» i politikken. Han vart innvald på Stortinget i 1969 frå Oslo. Men i 1981 var det for trongt i toppen til at det vart plass til Førde for ein sikker stortingsplass. I staden vart det rydda plass til han på lista frå Akershus. Han representerte difor Akershus i 1981-85. Men ved stortingsvalet i 1985, var Førde atter tilbake som representant frå Oslo.

Tegning: KÅRE EIKELAND