HANS K. MJELVA

— Dette er ei skulepolitisk kuvending!

Oddny Miljeteig (SV), som leiar oppvekstkomiteen i bystyret, er svært overraska over utsegn Ruth Grung kom med i gårsdagens BT.

Med bakgrunn i ein oversikt som viser at mange private barneskular er rimlegare enn offentlege, meinte Grung, som er partiets fremste skulepolitikar, at her hadde offentlege skular mykje å lære av dei private.

Det som provoserer Miljeteig mest er at Grung seier Arbeiderpartiet «har over tilhengjarar av at vi skal ha ein del private skular, rett og slett or å gje alternativ og for å gje ei dynamisk utvikling av læringsmiljø».

— Den retorikken er akkurat den same som Høgrebyrådet brukar for å konkurranseutsette både omsorg, helse og skule. For ein del av retorikken frå høgresida for konkurranseutsetjing og privatisering går akkurat ut på lage eit alternativ til det offentlege og gjennom det også skjerpe det offentlege tilbodet, seier Miljeteig, som meiner Grung og Ap her tek eit steg bort frå si tradisjonelle støtte til ein lik offentleg skule for alle..

— Ap har sagt veldig tydeleg at det dei oppfattar som kommunen sine kjerneoppgåver, helse, omsorg og skule, vil dei ikkje privatisere og konkurranseutsette. Difor oppfattar eg at utspelet frå Ruth Grung er å snu opp ned på det, seier Miljeteig.