• Dersom eg hadde stilt til val, hadde Kristeleg Folkeparti fått mange røyster som dei no ikkje fekk.

Det er Anita Apeltun Sæle som seier dette til Bergens Tidende. Sæle har halde seg unna valkampen. Det var ein lovnad ho gav etter at ho i vinter vart vraka frå den siste «sikre» plassen på stortingslista til KrF i Hordaland.

No er ho klar til å skriva bok.

— Jaha, og kva er tema for boka?

— Det vert noko slik som «på barrikadane». Eg har mykje på hjarta frå eit langt politisk liv. Men eg trur ikkje boka kjem til jul.

Det var barne- og familieminister Laila Dåvøy som kneip den 2. plassen som Anita Apeltun Sæle var ute etter. I valet måndag berga Dåvøy stortingsplassen, så vidt det var.

Anita Apeltun Sæle er framleis stortingsrepresentant for KrF, men med valet måndag er det slutt for hennar del. Ho var omstridt i partiet mellom anna fordi ho tok opp i seg tankar og idear om til dømes kommuneøkonomi som låg nær opp til Framstegspartiet.

— Kva tankar gjer du deg om KrF sitt valresultat?

— Det er det dårlegaste partiet har hatt sidan eg kom på Stortinget. Så eg er svært vonbroten. Eg er og svært vonbroten over at Stortinget har fått raudt fleirtal. Resultatet av det vert at all makt no vert flytta frå Stortinget og inn i regjeringskontora. Med ei mindretalsregjering kan opposisjonen alltid påverka utfallet av ei sak. No, med fleirtalsregjering, vert alt avgjort i regjeringa, og partigruppene på Stortinget gjer det dei får instruks om. Det er slutt på «all makt i denne sal», seier Anita Apeltun Sæle.