VIDAR YSTAD

Stortingsfleirtalet er opprørt over det dei karakteriserer som manglande økonomistyring og ansvarsfråskriving frå forsvarsministeren. Men så lenge Regjeringa har eit forsvarsforlik med Ap og Ap ikkje er på regjeringsjakt, sit forsvarsministeren tilsynelatande trygt.

Frontalåtak

I går gjekk alle dei fire opposisjonspartia til frontalåtak mot forsvarsministeren. To av dei parlamentariske leiarane, Carl I. Hagen (Frp) og Marit Arnstad (Sp) la ikkje fingrane imellom.

— Vi opplever her ein kombinasjon av klønete handtering og ansvarsfråskriving frå ein statsråd. I tillegg er det graverande mangel på informasjon om viktige spørsmål til Stortinget, seier komiteleiar Marit Nybakk, til Bergens Tidende.

Men åtaka prellar tilsynelatande fullstendig av på statsråden.

— Eg har fått igjennom alle sakene eg har presentert for Stortinget, er Krohn Devold sin reaksjon overfor BT når vi konfronterer henne med kritikken.

Utan kontroll

I går presenterte Aftenposten eit internt notat frå Forsvarsdepartementet som tyder på at økonomistyringa i Forsvaret langt frå er under kontroll.

Stikkordsmessig går det på omfattande oppblåsing av offisersstillingar slik at lønsutgiftene aukar trass i at talet på offiserar går ned. Forklaringa er at fleire har fått opprykk. Det gjeld vidare omfattande bruk av konsulenttenester og overtid, og ein bruk av hotellovernattingar utan sidestykke. Forsvaret åleine hadde 100.000 av totalt 300.000 hotellovernattingar i staten i fjor.

Forsvarsministeren får nå knallhard kritikk for at ho ikkje har presentert opplysningane frå dette notatet for Stortinget.

Krev notatet utlevert

Statsråden seier at det er «internt» og ikkje «kvalitetssikra».

— Men vi kjem til å krevje å få notatet utlevert under budsjettbehandlinga i komiteen, seier komiteleiaren, Marit Nybakk (Ap) til Bergens Tidende.

Avhendinga av eigedomar i Forsvaret har også resultert i kvass kritikk. Sjølv om organisasjonen Smiths Venner nå har gått med på å gje frå seg øyperla Østre Bolærne i Vestfold, mot å få overta eit skytefelt i Ål, er Stortinget langt frå nøgd.

I juni fatta Stortinget samrøystes eit vedtak der departementet vart pålagd å kome med ein oversikt over alle dei eigedomane som det er knytt spesielle verneinteresser til, historisk eller friluftsmessig, som står på salslista.

- Harselering

Noka slik liste har forsvarsministeren ikkje kome med. I går gav ho også uttrykk for at ho ikkje har tenkt å kome med ei slik liste. Ho «rekna med at Stortinget ikkje var interessert i å saksbehandle alle dei 1000 eigedomane som står for sal».

— Eg konstaterer at statsråden ikkje har tenkt å respektere stortingsvedtaket. Det er alvorleg, seier Per Ove Width, Frp sin forsvarspolitiske talsmann, til BT.

— Dette er ei harselering overfor Stortinget, for å ufarleggjere vedtaket. Det kan vi ikkje akseptere, seier Nybakk til BT.