På fleire punkt er kritikken skjerpa gjennom særmerknader frå SV og Frp, i høve til førsteutkastet frå Ap.

Frp-formann Carl I. Hagen, som er medlem av Kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at det er mange år sidan han har brukt så sterke ord om ein statsråd i ei innstilling til Stortinget.

Han vil ikkje gje råd til statsminister Kjell Mange Bondevik om kva han bør gjere i denne saka.

— Nå får vi avvente kva som skjer i debatten når saka kjem opp i Stortinget, tysdag 5. april, seier Hagen.

Statsråd Krohn Devold var ikkje tilgjengeleg for BT i går. I departementet får BT opplyst at statsråden truleg vil avvente debatten i Stortinget før ho kommenterer innstillinga.

«Særdeles kritikkverdig»

Heile komiteen, med unntak av dei tre medlemene frå Høgre og KrF, finn det «særdeles kritikkverdig at Forsvarets regnskap for 2003 ikke kan godkjennes».

Med bakgrunn i dei alvorlege merknadene frå Riksrevisjonen til 2002-rekneskapen, styrkar det inntrykket av manglande økonomistyring. Difor vil komiteen at Riksrevisjonen snarast råd skal legge fram ei eiga sak for Stortinget om 2004-rekneskapen for Forsvaret.

Det same fleirtalet slår nå fast at Forsvarsdepartementet ikkje har lagt fram informasjon til Stortinget om viktige faglege innvendingar knytt til nedbemanning i ulike fagstabar i Forsvaret. Det er kritikkverdig, heiter det.

«Fantasihistorie»

Lengst i kritikken går Frp. Partiet meiner forsvarsministeren sjølv burde ha gått av etter at forsvarssjef Frisvold tilbaud seg å gå av då milliarsprekken for 2004 var klar.

Frp meiner forsvarsminister og forsvarssjef har fortald ei «fantasihistorie» om at den øvste forsvarsleiinga og departementet ikkje kan lastast «for det skandaløse økonomisystem i Forsvaret».

Frp meiner forsvarsministeren ikkje har forstått eller var innforstått med den opplysningsplikta ein statsråd har overfor Stortinget, nedfelt i ansvarslova. Det finn partiet sterkt kritikkverdig.

Om Frisvold heiter det at «forsvarssjefens bortforklaringer og bagatellisering... står... ikke til troende». Det gjeld arbeid med den interne behandlinga av åtvaringar om konsekvensane av nedbemanninga i Forsvaret.