— Så lenge me har kontantstøtta har me ein reell sjanse til å få full barnehagedekning. Det er det me bør fokusere på no, seier Liv Signe Navarsete, Samferdselsminister og Sp-nestleiar. Ho reagerer på finansministeren sitt utspel om å dele ut kontantstøttepengane, og meiner ein må sjå saka i større samanheng.

— Å kutta ut kontantstøtta vil gi ein gedigen etterspurnad etter barnehageplassar og forskyve full barnehagedekning langt fram i tid, påpeikar ho.

— Og Kristin som har sett stillinga si på dette, blir då eigentleg utan jobb.

Navarsete legg trykk på at Senterpartiet ikkje har snudd i kontantstøttesaka.

SP framleis garantist

— Denne debatten tar me i samband med nytt program i 2009. Først etter målet om full barnehagedekning er nådd, seier Navarsete.

Ho får støtte frå Sigrid Brattabø Handegard, fungerande ordførar i Jondal, fylkesleiar i Hordaland Sp, og vararepresentant på Stortinget.

— Dette er noko staten bør ta seg råd til. Senterpartiet bør stå som garantist for ordninga også framover, meiner ho.

Tener ikkje på SV-forslag

Både Navarsete og Brattabø Handegard meiner historia om kontantstøttebygda Jondal gir eit viktig bidrag til debatten.

— I kommunar som Jondal vil kontantstøtta bety veldig mykje, meiner Navarsete.

— Her ser ein tydeleg at det finst foreldre som vel eit anna liv for barna sine, påpeikar Brattebø Handegard.

— Det er ikkje snakk om at dei ikkje får barnehageplass eller at dei brukar dagmamma. Foreldra ser rett og slett verdi i det å vere heime sjølv, fortel varaordføraren som kjenner kvinnene godt. Brattebø Handegard trur ikkje det er eit overtal av mødre som ikkje har opptent rett til fødselspengar i Jondal.

— Desse mødrene vil i hovudsak tena på at kontantstøtta held fram. Ordninga vil nettopp gje dei økonomisk mogelegheit til å velja ein rolegare start for barna sine.

Oddleiv Apneseth