EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noHaugesund

Kringlen støttar seg på internasjonal forsking når han sår sterk tvil om den omfattande bruken av kriseteam med psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar og prestar som rykker ut for å hjelpe overlevande, pårørande og etterlatne så snart det har hendt ei større eller mindre ulykke.— Fleire og fleire vitskaplege rapportar dei siste åra tyder på at "debriefing" gjer meir vondt enn godt. Såkalla "forebyggande krisepsykologi" er ein tvilsam business, sa Kringlen då han innleia på sjøfartskonferansen i Haugesund i går.Kringlen er professor ved Psykiatrisk institutt ved Universitetet i Oslo, og forskar blant anna på utbreiinga av psykiske lidingar i folket. Han viste til ei rekkje undersøkingar gjennomført dei siste åra. Forskarane har ikkje funne nokon gunstig effekt av såkalla "forebyggande terapi", der dei som har vore igjennom ulykker eller andre dramatiske påkjenningar går igjennom det dei har opplevd med fagfolk rett etterpå. Dei dårlegaste vart verre Blant anna har tre forskarar ved Oxford-universitetet i England gjennom tre år følgd pasientar som har vore innlagt på sjukehus etter trafikkulykker. Dei pasientane som hadde fått debriefing fekk meir angst for å vere passasjarar, hadde meir smerter, fungerte dårlegare sosialt og hadde fleire generelle psykiske plager enn dei pasientane som ikkje hadde fått hjelp av ekspertar. Og som om ikkje det var nok: Dei pasientane som sleit mest rett etter ulykka hadde også minst godt av "terapien" på lang sikt. Konklusjonen i undersøkinga, som nyleg er publisert i British Journal of Psychiatry, er at slik debriefing ikkje fungerer, og at behandlinga tvert imot har uheldige verknader.Funna får støtte frå fleire andre hald: Ei undersøking frå Cardiff viser at 26 prosent av dei som mottok profesjonell krisehjelp etter ein brannkatastrofe hadde såkalla "posttraumatiske symptom" etterpå, medan andelen berre var ni prosent blant dei som ikkje hadde vore i kontakt med rådgjevarar. Vennar og familie viktigast Professor Kringlen vedgår at forskingsmaterialet hittil ikkje er stort og kan ha svake sider, men meiner likevel at det som finst peikar i same retning. Han tykkjer difor det er på tide å slå eit slag for den hjelpa kvar og ein av oss kan gje. - Har vi fått utvikla ein kultur der all støtte og omsorg skal profesjonaliserast? Kanskje det viktigaste er at familie og vennar stiller opp med omsorg og forståing når det trengs. Dette byggjer på generasjonars dyrkjøpte erfaringar, sa Kringlen, som bad sin eigen stand vere litt meir audmjuke når tragedien rammar.Professoren ser utviklinga i samanheng med det han kallar "livsstilsmedisinen", der det blir brukt stadig større ressursar på å fjerne rynker, forme nasar, forstørre bryst og bleike tenner.- La oss satse på dei pasientane som verkeleg treng hjelp. Den forebyggande krisepsykologien bør overlatast til familie, vennar og kjente, sa Kringlen, som også etterlyser meir forsking innan feltet før det blir brukt meir pengar på profesjonelle hjelparar rett etter ulykker.

Les også: HSD-breiside mot media