• Frykteleg, seier tidlegare statsminister Kåre Willoch om at KrF-leiar Dagfinn Høybråten støttar bygging av den israelske muren på okkupert område.

I NRK i går var KrF-leiar Dagfinn Høybråten og tidlegare Frp-formann Carl I. Hagen heilt på line i synet på bygging av denne muren.

Begge støtta bygginga utan atterhald. Dette er klart i strid med det som har vore norsk politikk i årevis med skiftande regjeringar.

— Bondevik-regjeringa meinte at bygginga av muren på okkupert område var eit klart brot på folkeretten og ikkje ville føre til fred i Midt-Austen, seier Øistein Mjærum. Han var politisk rådgjevar for statsminister Kjell Magne Bondevik, og arbeider framleis tett med Bondevik ved Oslo-senteret.

— Bondevik II-regjeringa - til liks med FN - stempla bygginga av muren på okkupert område som i strid med folkeretten, seier Jan Petersen (H), som var utanriksminister i den regjeringa.

- Svært overraskande

Også Venstre-leiar Lars Sponheim, som også var medlem av Bondevik-regjeringa, reagerer:

— Det er svært overraskande for meg at Høybråten nå støttar bygginga av denne muren. Det er også i strid med kva KrF stod for i Bondevik-regjeringa, og Venstre er djupt usamd med han.

Sponheim får støtte av Kåre Willoch, tidlegare statsminister og svært engasjert i Midtøsten-konflikten:

— Bygging av denne muren på okkupert område er opplegg for store lidingar for den palestinske sivilbefolkninga. Bygginga er eit klart brot på folkeretten og det er brot på menneskerettane, seier Willoch.

— Bygginga av muren skjer ikkje primært av omsyn til tryggleiken i Israel, men for å trygge busetjingane som i strid med folkeretten er etablert på okkupert område, seier Willoch.

— Det er frykteleg at politiske leiarar i Noreg gjennom støtte til bygging av muren dermed støttar brot på folkeretten og menneskerettane, seier Willoch.

Nyanserer

Bergens Tidende har bede Høybråten om kva som har skjedd med KrF og Høybråtens standpunkt frå han var med i Bondevik-regjeringa og fram til i dag.

Høybråten seier at det ikkje har skjedd noka endring i hans og KrF sitt standpunkt frå han sat i regjeringa. Han legg til at landsmøtet i 2005, på tampen av Bondevik-regjeringa, forkasta eit programframlegg som uttalte kritikk mot bygging av muren på okkupert område.

Høybråten ønskjer samstundes å nyansere noko av inntrykket som vart skapt gjennom intervjuet i NRK, og seier at KrF kan ikkje støtte «rettsstridig bygging av separasjonsmur eller gjerde».

Dette sa Høybråten:

«KrF slutter fullt opp om Israel, om Israels rett til å forsvare seg, om Israels rett til å beskytte seg, om nødvendig også med dette sikkerhetsgjerdet.

Ingen ønskjer en slik separasjonsmur eller gjerde, men den har vist seg nødvendig for å få ned terror og angrep. Det har reddet mange liv.

Det er en viktig politisk avklaring det Carl I. Hagen nå sier, som viser at KrF og Frp står sammen i forsvar av Israel og støtte til Israel.»

KLAR TALE: Bygginga er eit klart brot på folkeretten, seier Kåre Willoch. ARKIVFOTO: KNUT STRAND
Bergens Tidende