• Krav om å tillata nynorsk i alle aviser, vil først og fremst gå ut over dei journalistane som skriv nynorsk, meiner BA-redaktør Olav Terje Bergo.

Bakgrunnen er utspelet frå Norsk Språkråd, der språkdirektør Sylfest Lomheim tek til orde for at aviser som nektar journalistar å skriva nynorsk skal missa momsfritaket, eller pressestøtta, om dei lever av slikt. (BT 30/10).

Lomheim får støtte av riksmeinaren Frank Aarebrot.

— I dag godtek staten at journalistar som vil skriva nynorsk vert diskriminerte, seier Aarebrot til Bergens Tidende.

- Lite gjennomtenkt

  • Dersom eit slikt krav skulle gjennomførast, ville alle redaktørar som var i mot, unngå å tilsetja nynorskjournalistar. Desse ville då stå der med eit stort handicap på arbeidsmarknaden. Av den grunn meiner eg at utspelet frå Sylfest Lomheim er svært lite gjennomtenkt, seier BA-redaktøren .

— Kor sterkt står nynorsken i BA?

— Vi har ingen jerndisiplin. Eg er nynorskbrukar sjølv, men vi legg til grunn at lesarane våre vil ha ei avis med eit bergensorientert skriftspråk, seier Olav Terje Bergo.

- Må godta grenser

Ein annan sjefredaktør, Hans Erik Matre i Aftenposten, stod også nokre år i spissen for BT, der nynorsk og bokmål går om kvarandre i eit «salig kaos», som Matre uttrykkjer det.

— Eg trur vil skal la styresmaktene driva med momspolitikk, og overtala til Språkrådet å snakka om språket, summerer Matre opp si meining.

— Ei avis har sin språklege identitet, og den er ein del av identiteten til sjølve avisa. I Aftenposten er dette ein funksjon av kvar avisa har sitt tyngdepunkt. Elles må kvar einskild avis ha rett til å velja si språklege line. Då følgjer det med at journalistar som vert tilsette må godta å få sett grenser for sin personlege fridom, seier Hans Erik Matre.

— I Aftenposten har de ein politisk redaktør, Harald Stanghelle, som snakkar klingande nynorsk, medan han skriv sine kommentarar på bokmål. Ville Stanghelle hatt full fridom til å skriva nynorsk i Aftenposten om han hadde ynskt det?

— Men det gjer han då óg. Stanghelle er eigentleg ein skarpare forsvarer av vår språklege line enn eg sjølv er. Dette er ei linje som Stanghelle også forsvarde då han var sjefredaktør i Dagbladet, seier Hans Erik Matre.