— Eg er lei for at Kvarme er blitt ny biskop i Oslo. Det som har skjedd i denne saka, er at Kristeleg Folkeparti har politisert utnemningsprosessen. Dei har sett bort frå det klare ynskjemålet frå bispedømet. I staden har partiet valt å lytte til eigne kjerneveljarar andre stader i landet. Det er svært uheldig for kyrkja.

Dette seier Arne Grønningsæter til Bergens Tidende. Han er eitt av dei sju medlemene i bispedømerådet.

Heile tre av dei sju medlemene i Oslo bispedømeråd har så mykje imot Ole Christian Kvarme at dei ikkje eingong ville setje han på sisteplass mellom dei fire kandidatane. I staden røysta dei blankt.

Det inneber at dei tre absolutt ikkje ville ha han som ny biskop i Oslo, og vitnar om at motstanden mot den nye Oslo-bispen er sterkare enn det som er blitt alminneleg kjent.

Kven som røysta blankt, er ikkje kjent. Det vart halde hemmeleg, skriftleg votering. Fleire av medlemene i bispedømerådet som Bergens Tidende har vore i kontakt med, seier at dei ikkje kjenner anna enn eiga stemmegjeving og ikkje veit kva dei andre har røysta.

Trine Skei Grande som er parlamentarisk leiar og nestleiar i Venstre, seier til Bergens Tidende at ho som Oslo-representant er «veldig glad for at Odd Einar Dørum dissenterte i Regjeringa og gjekk imot Kvarme.

— Som meninghetsrådsmedlem og deltakar i nominasjonsprosessen ved bispevalet i Oslo, opplever eg det som frustrerande at vi som har delteke i prosessen har så liten innverknad på valet.

Justisminister Odd Einar Dørum (V) og finansminister Per-Kristian Foss (H) gjekk begge inn for Erling J. Pettersen.

Foss seier til Bergens Tidende at han ikkje opplevde noko press og følte at han stod fritt både i høve til statsministeren og i høve til partileiar Erna Solberg. Han seier at han ikkje har kjennskap til at KrF skal ha stilt krav om å få viljen sin. Fleire kjelder har tidlegare hevda at KrF skal ha gjeve uttrykk for at dei ikkje kunne leve med ein annan biskop enn Kvarme.

Dørum seier at han meiner Pettersen er rett biskop for og i Oslo. Han seier at Pettersen representerer breidda og mangfaldet i byen på ein god måte. Han meiner at Pettersen gjev rom for dei i den norske kyrkja som aktivt vil inkludere homofile i alle kyrkjelege samanhengar.