Det er spørsmålet om «habilitet» med bakgrunn i «samtalar og pengestøtte» det handlar om. Hagen er misnøgd med at han fekk påtale av stortingspresident Kosmo under spørjetimen i Stortinget onsdag. Då hevda Hagen at kommunestyrerepresentar for Ap er «kjøpt og betalt» når dei har inngått avtale med Fagforbundet, det tidlegare Kommuneforbundet, om særmøter før kommunestyremøte.

«Kjøpt og betalt»

— Eg kjem til å halde fram med å seie at dei er kjøpt og betalt. I kommunestyra vil vi nå hevde at Ap-representantane er ugilde når det kjem opp saker som rører ved interessene til Fagforbundet sine medlemer, slo Hagen fast på eit partimøte i Oslo i går.

Hagen forsikra at partiet nå skal «finne litt juridiske greier» som skal underbygge påstanden om at Ap-representantane er ugilde i slike saker slik at dei må vike sete og gå på gangen.

Men forvaltningsrettseksperten, professor Jan Fridthjof Bernt, ved Universitetet i Bergen, avfeier Hagen kontant. Til Bergens Tidende seier han:

— Dette er ein ny variant av eit tema som Hagen har reist før. Dette er eit reint politisk utspel utan noko juridisk innhald. Det er openberrt at kven eit politisk parti knyter seg til eller har møte med, er eit reint politisk spørsmål. Utspelet er ei fullstendig avsporing. Eg ser det som eit reint valkamputspel. Meir er det i grunnen ikkje å seie.

— Valla - sjefen i Ap Hagen køyrer vidare på at det nå er LO som styrer Ap, illustrert ved utsegn som: «Sjefen i Ap – er Gerd Liv Valla».

Han hevdar at fagrørsla og LO har dreve rein utpressing mot Ap. Han hevdar at LO i 2001 greide å presse Ap til å droppe innstramming i sjukelønsordninga, som administrasjonsminister Jørgen Kosmo hadde gjort framlegg om. Trugsmålet gjekk, ifylgje Hagen ut på at dersom Ap ikkje gjorde kuvending, ville partiet gå glipp av 6,7 millionar kroner i valkampstøtte.

- Vrøvl frå Hagen

Leiaren i Fagforbundet, Jan Davidsen, som også sit i sentralstyret til Ap, avviser overfor Bergens Tidende påstandanane frå Hagen:

— Ap-representantane er valt på heilt vanleg måte. At vi har ein avtale med Ap om å snakke saman inneber ingen bindingar.

Partisekretær Martin Kolberg i Ap har denne reaksjonen:

— Dette er uttrykk for at Frp er eit høgrepopulistisk parti som freistar å undergrave fagrørsla og norske lønstakarar sine interesser.

At det finst avtale om samtalar, kan ikkje knyast opp mot eventuelle bidrag i valkampen. Davidsen karakteriserer påstanden frå Hagen som «vrøvl og reint vås

- Politisk løgn

— Påstanden om utpressing er usann, og Hagen veit det. Difor bør han slutte å politisk lyge, seier Kolberg.

Davidsen opplyser at det førebels ikkje er bestemt noko om løyvingar til valkampen i år. I budsjettet er det sett av 4,5 millionar til valkampen. Disponeringa av pengane vil bli avgjort i juni, etter LO-kongressen. Då blir det avgjort om og i tilfelle kor mykje som går til Ap og SV. Han legg til at forbundet i alle år har brukt mest pengar internt i samband med valkampar.

GRISETE: Alle teikn tyder på at vi står framfor ein «grisete» valkamp i år. Frp-formann Carl I. Hagen slo an tonen i går då han oppildna eigne kandidatar og valkampmedarbeidarar. Dei fekk i oppdrag å stigmatisere Ap sine lokale folkevalde. FOTO: SCANPIX