— Det er ei vanleg oppfatning, også blant muslimar, at Koranen forbyr giftarmål mellom muslimske kvinner og ikkje-muslimske menn. Men det står faktisk ingenting om dette i Koranen, seier Kari Vogt, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

Ho er ein av landets fremste ekspertar på islam, og har gitt ut fleire bøker om emnet.

— Forbodet går fram av islamsk rettslære, og blir rekna som ein del av den islamske arven. Men denne tolkinga blir utfordra av somme islamske lærde, særleg i Frankrike, seier Vogt. Islamsk Råd Norge har etter æresdrapet i Sverige stilt seg bak den tradisjonelle regeltolkinga, og har fått skarp kritikk for dette – blant andre frå statsråd Valgerd Svarstad Haugland.

Strid i Frankrike

Frankrike har ein stor muslimsk minoritet, med både fjerde og femte generasjons etterkomarar av innvandrarar frå Algerie og andre muslimske land.

— Ein del av desse kvinnene har gifta seg med ikkje-muslimar, noko som har gitt dei vanskar. Men dei har fått støtte frå somme yngre imamar. Desse argumenterer på teologisk grunnlag for at slike ekteskap kan aksepterast. Dei går inn for å endre reglane, seier Vogt.

Det Koranen slår fast, er at muslimske menn kan gifte seg med kristne eller jødiske kvinner, men ikkje med kvinner som høyrer til andre religionar. Dette har vorte utlagt som at muslimske kvinner ikkje har same retten.

— Viktigaste årsaka til dette, er at barna skal oppdras som muslimar. Mannen er alltid familiens overhovud, og dersom han ikkje er muslim, er tankegangen at den muslimske oppdraginga av barna ikkje er sikra, seier Vogt.

Katolikkane må søkje

Ønsket om å unngå ekteskap på tvers av religionsgrenser er ikkje berre eit muslimsk fenomen.

Dersom ein katolikk vil gifte seg med ein ikkje-katolikk, er det nødvendig med dispensasjon frå biskopen. Den katolske parten i ekteskapet må også love at han skal prøve å oppdra eventuelle barn i den katolske trua.

— I dag blir dispensasjon til ekteskap alltid gitt, så sant det er snakk om seriøse, vaksne menneske. Men for 30-40 år sidan vart regelen praktisert mykje strengare. Då var forventingane om at katolikkar skulle halde seg til katolikkar langt sterkare, seier kapellan Oddvar Moi i St. Paul menighet i Bergen.

På same måte har jødane hatt lange tradisjonar for at dei ikkje skal gifte seg med ikkje-jødar.

— Slik har det alltid vore. Utan ein slik praksis ville det ikkje funnest att jødar i heile tatt, slik vi har vorte spreidd over heile verda, seier Julius Paltiel, formann i Det Mosaiske Trossamfund i Trondheim.